Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

E39 Uføretunnelen er midlertidig stengd

Oppretta: 22.11.2007 – Sist oppdatert 25.03.2014

E39 Uføretunnelen på Stord er førebels stengd som resultat av undersøkingane som vart gjort av entreprenør Mesta i natt.  

Undersøkingane i Uføretunnelen stadfesta Statens vegvesen sine funn med oppsprekking av betonglaget som fungerer som brannsikring utanpå vass- og frostsikringsplatene. Konklusjonen så langt er at det er trong for reparasjonsarbeid på tunnelen snarast råd. Statens vegvesen håpar på  avklaringar om omfang og tidspunkt for reparasjonsarbeidet i løpet av dagen. 

Med bakgrunn i omsynet til trafikantane sin tryggleik, har Statens vegvesen valt å inn til vidare halda Uføretunnelen stengd for trafikk . Det er skilta omkøyring på gamlevegen på utsida av Uføretunnelen.

Kontaktperson Statens vegvesen

Astrid Eide, distriktssjef Haugaland og Sunnhordland distrikt, tlf. 51911735 / 90131516

Bakgrunn:

Den 610 meter lange Uføretunnelen ved E39 Jektevik på Stord opna for trafikk 1. oktober 2004. Ved rutinekontrollar om lag eitt år etter opninga vart det registrert sprekker i betonglaget som er sprøyta utanpå vass- og frostsikringa og som fungerer som brannsikring. Dette forholdet er teke opp som ein del av sluttdrøftingane av kontrakten med entreprenør Mesta. Statens vegvesen har rutinemessig følgt opp sprekkdanninga med kontrollar. I den siste tida har sprekkene utvikla seg på ein slik måte at Statens vegvesen og entreprenøren ynskjer å gjere reparasjonar så snart som råd.

Kontakt oss