Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Bømlafjordtunnelen opner

Bømlafjordtunnelen opner

Oppretta: 18.06.2007 – Sist oppdatert 14.08.2007

Bømlafjordtunnelen opner fredag kl. 13.00. Vedlikehaldsarbeidet med reinsk og sikring i Bømlafjordtunnelen er nå i sluttfasen.

Entreprenøren har jobba godt, og klarar å gjere seg ferdig før helga, fortel distriktssjef i Haugaland og Sunnhordland distrikt, Astrid Eide. Statens vegvesen opner tunnelen fredag 29. juni kl. 13.00.


Det er gledeleg at entreprenøren har klart å gjere arbeidet ferdig slik at vi kan opne tunnelen allereie fredag, før helgetrafikken sett inn, seier distriktssjef Eide. I tillegg vil truleg by-jubiléet på Stord trekke mange reisande, og då er det godt at folk slepp å stå i ferjekø, seier ho. Statens vegvesen har satt inn gratis ferjer på Valevåg-Skjersholmane i den perioden Bømlafjorden har vore stengt.

Tunnelen sikra på nytt
Distriktssjefen seier at det viktigaste likevel er at tunnelen nå er sikra på nytt, og at dei lause massane bak kvelvet er tatt ut. _ Folk kan føle seg trygge i tunnelen, forsikrar ho.
Eide roser Mesta for å at dei har gjort en god jobb, og at det nå blir muleg å opne tunnelen dagen før det opprinneleg var tenkt. Den åtte kilometer lange undersjøiske Bømlafjordtunnelen har vore stengt sidan 11. juni slik at entreprenøren kunne gjennomføre nødvendig reinsk og vedlikehaldsarbeid. Årsaken er at Statens vegvesen, i samband med rutinemessige kontrollar oppdaga nedfall av massar bak vass- og frostsikringskvelven.

Vi er leie for dei ulempene stenginga har medført for trafikantane på E39, seier distriktssjef Astrid Eide. - Vi er likevel glad for at vi oppdaga nedfallet i samband med rutinekontrollar og at vi nå har sikra tunnelen før det fekk utvikla seg.

Kontakt oss