- 08.08.2008 Skulestart i Fitjar
- 10.07.2008 Forskrift om utslepp av sanitært avløpsvatn frå mindre avløpsanlegg for kommunane Stord og Fitjar – offentleg ettersyn
- 03.07.2008 Siste nytt –Rapport for biologisk mangfald tilgjengleg for ålmenta
- 02.07.2008 Framlegg til reguleringsplan for Koløyholmen – offentleg ettersyn 2. gong
- 09.06.2008 Bli med på snigledugnaden!
- 21.05.2008 Utbyggingsplanar Midtfjellet Vindkraft - Alternativ A og B
- 29.04.2008 Skuleruta
- 28.04.2008 Mange har søkt om plass i kulturskulen
- 10.04.2008 Kystlynghei i Sunnhordland
- 07.04.2008 Ledige barnehageplassar i Fitjar
- 25.03.2008 Prosjektet ”Næringsutvikling i Fitjarøyane ” held fram med stifting av eit interesselag for næringsutvikling i Fitjarøyane den 24. april
- 29.02.2008 Innskriving av 6-åringar i skulen
- 11.02.2008 Sælevik skule med napp nr 2. i vandrepokal
- 23.01.2008 Ferievikarar – heimebaserte tenester og institusjon
- 06.12.2007 Fitjarelevane svært gode på dei nasjonale prøvane
- 22.11.2007 E39 Uføretunnelen er midlertidig stengd
- 22.11.2007 Ledige barnehageplassar i Fjellheim
- 21.11.2007 PRESSEMELDING - E39 UFØRETUNELLEN MÅ REPARERAST
- 16.11.2007 Vatnet i Dåfjord
- 06.11.2007 Invitasjon til møte om rullering av energiutgreiing for
- 17.10.2007 Løysing for Fitjar Mek. Verkstad
- 17.10.2007 Kulturarbeidarpris til Smedholmen Kyst- og Naturlivskule
- 10.10.2007 Knallgøy å eksperimentera
- 27.09.2007 Foajekonsert 18. oktober
- 19.09.2007 Ledige elevplassar i kulturskulen
- 18.09.2007 Miljøjournalisten
- 12.09.2007 Open dag på 280 brannstasjonar
- 12.09.2007 Fitjar kommune asfalterer
- 11.09.2007 Valresultatet i Fitjar kommune
- 07.09.2007 Ope møte - Næringsutvikling i Fitjarøyane
- 07.09.2007 Spørjeskjema til aktuelle bedrifter/næringsliv i Fitjar
- 05.09.2007 Hjortejakta i Stord og Fitjar startar måndag 10. september
- 05.09.2007 Ledige stillingar
- 31.08.2007 Barnas Trafikklubb
- 30.08.2007 Gratisordning med frukt og grønt til skular med ungdomstrinn
- 28.08.2007 Terje Vigen The musical i Kulturhuset
- 27.08.2007 Hjortakveld for Stord og Fitjar
- 24.08.2007 Sælevik skule nyt sommarveret på fjelltur
- 23.08.2007 HELSESTASJON FOR UNGDOM
- 20.08.2007 Ung Etablerar i Sunnhordland
- 20.08.2007 Skular får søppelspann hjå SIM
- 20.08.2007 Velkommen
- 15.08.2007 Skulestart
- 14.08.2007 Skulestart på Øvrebygda skule
- 10.08.2007 Politisk debattmøte i Kulturhuset
- 31.07.2007 Pressemelding om nedgang i heimekompostering
- 30.07.2007 Vassanalyse Dåfjord vassverk juni/juli
- 09.07.2007 Sommarhelsing til innbyggjarane i Fitjar
- 29.06.2007 Skuleruta og barnehagerute 2007-2008
- 26.06.2007 Bømlafjordtunnelen opner
- 01.06.2007 Spørjeskjema til hytteeigarar og andre brukarar av Fitjarøyane
- 22.05.2007 Auka folketal i Fitjar kommune første kvartal
- 21.05.2007 Fitjar kommune styrkjer spesialundervisninga
- 21.05.2007 Fitjar kommune styrkjer heimesjukepleien
- 05.06.2007 Vassanalyse Dåfjord vassverk mai/juni 07
- 06.06.2007 Vassanalyse Dåfjord vassverk mai 07
- 18.05.2007 Karl Gloppen fekk fortenestemedalje 17 mai
- 16.05.2007 Billedvev til Fitjar Kultur- og Idrettsbygg
- 15.05.2007 Gratisferje på Bømlafjorden
- 15.05.2007 Pressemelding - Informasjon om stenging av Bømlafjordtunnelen
- 18.04.2007 Kongens fortenestemedalje til Karl Gloppen
- 18.04.2007 Ledig stilling som Økonomisjef
- 13.08.2007 Vassanalyse Dåfjordvassverk april/mai 07
- 16.04.2007 Vassanalyse Dåfjord vassverk april 07
- 13.04.2007 Endring av møtedato Utval for plan og miljø
- 11.04.2007 Søknad om plass i kulturskulen
- 30.03.2007 Spørjeskjema: til brukarar/eigarar av areal i Fitjarøyane
- 21.03.2007 Fitjar kommune har fått webkamera
- 13.03.2007 Vassanalyse Dåfjord vassverk mars 07
- 27.02.2007 Innskriving i skulen
- 20.02.2007 Vassanalyse Dåfjord vassverk februar 07
- 19.02.2007 NVE gjev konsesjon til Midtfjellet Vindkraft AS
- 13.02.2007 Hovudopptak barnehage 2007-08
- 01.12.2007 Ringevikar skule
- 31.01.2007 SIM tilbyr refleks på bosdunkane
- 22.01.2007 Vassanalyse for Dåfjord Vassverk januar 07
- 12.01.2007 Sælevik skule fekk første napp i vandrepokal
- 02.01.2007 Analyseresultat Dåfjord vassverk desember 06
- 01.01.2007 Hærverk ved Rådhuset
- 31.12.2006 Nyhendeartiklar frå Fitjar kommune sine gamle websider
Aktuellt frå Fitjar kommune
Forskrift om utslepp av sanitært avløpsvatn frå mindre avløpsanlegg for kommunane Stord og Fitjar – offentleg ettersyn
10.07.2008
Framlegg til forskrift om utslepp av sanitært avløpsvatn frå mindre avløpsanlegg for kommunane Stord og Fitjar er lagt ut til offentleg ettersyn med merknadsfrist 30. august.
Siste nytt –Rapport for biologisk mangfald tilgjengleg for ålmenta
03.07.2008
Kartlegging av biologisk mangfald på Stordøya er no utbetra med den ferske rapporten Naturtypar i Stord og Fitjar (Moe og Fadnes 2008). Tidlegare er det gjennomført ei kartlegging av viktige viltormåde- Viltet på Stord (Steinsvåg og Overvoll 2004).
Framlegg til reguleringsplan for Koløyholmen – offentleg ettersyn 2. gong
02.07.2008
Framlegg til reguleringsplan for sentrale deler av Koløyholmen, del av gnr. 49 i Fitjar kommune, er lagt ut til offentleg ettersyn 2. gong. Høyringsfrist er sett til 14. august 2008.
Bli med på snigledugnaden!
09.06.2008
Skal me klare å redusere bestanden av Iberiaskogsnigel/Brunsnigel i Noreg må alle gjere ein innsats.
Utbyggingsplanar Midtfjellet Vindkraft - Alternativ A og B
21.05.2008
Utbyggingsplanen ligg ute til offentleg ettersyn frå og med 23. mai 2008 til og med 22. juni 2008
Skuleruta
29.04.2008
Skuleruta for skuleåret 2008-2009 vart vedteken i utval for oppvekst og omsorg den 1.april skuleruta ser slik ut...
Mange har søkt om plass i kulturskulen
28.04.2008
Veldig mange har søkt om plass i kulturskulen for skuleåret 2008/2009. Me er i dag oppe i 67 søkjarar og det er gitar som er mest populært, med heile 23 søkjarar. Elles fordelar søkjarane seg jevnt over på dei andre instrumenta. Elevopptaket vert gjort i starten av juni og alle får svar før sommarferien om dei har fått plass. Diverre må nok mange førebu seg på at dei ikkje får plass, noko som er veldig trist.
Kystlynghei i Sunnhordland
10.04.2008
Rapport med registreringer over områder med kystlynghei i Sveio, Bømlo, Stord, Fitjar og Austevoll er nå tilgjengelig. Denne er utarbeida ved Stord Fitjar Landbruks- og miljøkontor.
Prosjektet ”Næringsutvikling i Fitjarøyane ” held fram med stifting av eit interesselag for næringsutvikling i Fitjarøyane den 24. april
25.03.2008
Konklusjonen på arbeidet som er gjennomført i 2007 er at Fitjarøyane har potensial for næringsutvikling basert på verdiane som ligg i natur- og kulturlandskapet. Arbeidsgruppa foreslår å skipe eit interesselag som kan representere brukarar og eigarar slik at dei kan verte høyrd når politiske avgjersler skal takast. Eit interesselag kan også organisere ulike samarbeidsprosjekt og søkje om midlar til fellestiltak.
Innskriving av 6-åringar i skulen
29.02.2008
Det nermar seg tid for innskriving i skulen... Dei fleste som skal ta til på skulen skal få brev frå skulen, men dersom de ikkje har fått brev innan ei veke før innskriving kan de ta kontakt med den skulen bornet skal ta til på.
Sælevik skule med napp nr 2. i vandrepokal
11.02.2008
Forrige veke deltok Sælevik skule for andre gong på skulemeisterskapen i skeiser. Det vart nok eit napp i vandrepokalen..
Ringevikar skule
01.12.2007
Fitjar kommune søkjer etter personar som kan vera ringevikar. Det er særleg trong for ringevikar med faga tysk og spansk (Rimbareid) men også andre kan melda seg. Alle skulane har meir eller mindre behov.
Ferievikarar – heimebaserte tenester og institusjon
23.01.2008
Fitjar kommune søkjer ferievikarar for sommaren 2008 – på desse områda:
- Fitjar bu- og beh. senter (sjukeheimen)
- Heimebaserte tenester inkl. PU tenesta
for perioden 23. juni til og med 17. august 2008.
Avlastningsbustaden tidsrom etter nærare fastsetjing.
Ledig 100 % fast stilling som konsulent ved økonomiavdelinga.
16.01.2008
Økonomiavdelinga er ei støtteeining som er underlagt rådmannen. Kontoret har m.a. ansvar for kommunen sin årsrekneskap, koordinering og oppfølging av budsjett, føring av bilag, utfakturering og innkrevjing av kommunale krav, skatterekneskap og innkrevjing av skatt, kontroll og rapportering av løn.I tillegg fører ein nokre eksterne rekneskap.Kommunen brukar rekneskapssystemet Agresso.
Fitjarelevane svært gode på dei nasjonale prøvane
06.12.2007
Fitjar kommune har for lite elevgrunnlag til å offentleggjera resultata frå ungdomstrinnet, men desse har me intern tilgong til. Me vil heller ikkje gå ut med ei rangering av skulane i kommunen, då me har svært få elevar på nokre av skulane og det vil ikkje vera rett av omsyn til personvern. Likevel viser dei samla resultata frå 5.trinnet seg å vera så gode at dei vil me visa fram:
E39 Uføretunnelen er midlertidig stengd
22.11.2007
E39 Uføretunnelen på Stord er førebels stengd som resultat av undersøkingane som vart gjort av entreprenør Mesta i natt.
Ledige barnehageplassar i Fjellheim
22.11.2007
Fjellheim barnehage har nokre ledige plasser frå 1.januar 2008.
PRESSEMELDING - E39 UFØRETUNELLEN MÅ REPARERAST
21.11.2007
MELDING OM MIDLERTIDIG STENGING
E39 Uføretunnelen på Stord må om kort tid gjennom eit større reparasjonsarbeid. Natt til torsdag 22. november vert tunnelen midlertidig stengt for trafikk mellom 22.00 – 06.00 grunna omfattande inspeksjonsarbeid.
Vatnet i Dåfjord
16.11.2007
Me gratulerar våre abonnentar i Dåfjord som er kobla til vatn frå Svartavatnet!!
Invitasjon til møte om rullering av energiutgreiing for
06.11.2007
Fitjar Kraftlag held møte for presentasjon av lokal energiutgreiing for Fitjar kommune i et fellemøte på Stord der Sunnhordland Kraftlag presenterer lokal energiutgreiing for Stord kommune:
Dato/Tid: Fredag 9. november kl 10:30
Stad: Stord Rådhus, Leirvik
Løysing for Fitjar Mek. Verkstad
17.10.2007
Endeleg fekk ein løysing for Fitjar Mek. Verkstad som inneber vidare drift for verftet og at kreditorane får oppgjer. Ordførar Agnar Aarskog er svært nøgd med at ein har fått ei løysing og vil gje honnør til eigarar og leiinga ved Fitjar Mek Verkstad for at dei fekk på plass ei løysing.
Kulturarbeidarpris til Smedholmen Kyst- og Naturlivskule
17.10.2007
Hordaland fylkeskommune har tildelt Smedholmen Kyst- og Naturlivskule ved Terje Skorpen og Einar Matre ein kulturarbeidarpris på 10.000 kroner.
Knallgøy å eksperimentera
10.10.2007
Slik lød kommentaren frå nokre elevar ved Sælevik skule då folk frå Vil-Vite senteret i Bergen både hadde show og undervisning på Rimbareid skule i føremiddag.
Foajekonsert 18. oktober
27.09.2007
Torsdag 18. oktober er det elevkonsert i foajeen i kultur og idrettsbygget kl. 18.00. Det vert eit variert og kjekt program, der elevar på piano, gitar, song og kornett deltek.
Velkomen til konsert!
Ledige elevplassar i kulturskulen
19.09.2007
Fitjar kulturskule har ledige elevplassar på undervisning i piano. Ta kontakt med rektor i kulturskulen Anne Lene Østvold Jordåen tlf. 53458553.
Miljøjournalisten
18.09.2007
Miljøstatus har saman med Avis i skolen og lærarar i den vidaregåande skule laga arbeidsheftet Miljøjournalisten. Heftet kombinerar miljø og journalistikk, og egnar seg for mange fag i ungdoms- og vidaregåande skule.
Open dag på 280 brannstasjonar
12.09.2007
Heile 280 brannstasjonar opnar dørene for publikum når den årlige ”brannvernuka” vert arrangert 17.-22. september. For sjette år på rad skal brannvesenet inspirere born og vaksne til å gjennomføra brannøvingar heime.
-------------------------
Fitjar kommune asfalterer
12.09.2007
Kommunen har bestilt asfaltering i veke 44 og det er firmaet NCC Roads som skal utføra arbeidet.
Spørjeskjema til aktuelle bedrifter/næringsliv i Fitjar
07.09.2007
Dette spørjeskjemaet er ein del av "Forprosjekt næringsutvikling i Fitjarøyane", som Stord Fitjar Landbruks- og Miljøkontor har ansvaret for. Prosjektet som m.a. vert støtta av Fylkesmannen i Hordaland si landbruksavdeling, har nye næringar og arbeidsplassar knytt til kystlandskapet vårt som måletsjing. For å skikssera gode tiltak for auka bruk, samstundes som kulturlandskapet vert teke vare på, ønskjer me å vite kva samarbeid som kan vera mogleg mellom næringsliv/bedrifter og eigere/brukere i Fitjarøyane.
Ope møte - Næringsutvikling i Fitjarøyane
07.09.2007
Kva kommer til å skje med Fitjarøyane ?
Landskap - friluftsliv - landbruk - næring
Sted: Fitjar kulturhus
Tid: torsdag 20 september, kl. 19:00
Ei gruppe som består av grunneigarar i øyane, Fitjar bondelag, Friluftsrådet Vest, Hordaland Fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland har arbeid med "forprosjekt for Næringsutvikling i Fitjarøyane". Ansvarlig for prosjektet er Stord Fitjar Landbruks- og Miljøkontor (SFLMK).
Brukarar, eigarar og bedrifter har fått tilsendt spørjeskjema som er grunnlag for ei viktig kartlegging av planar, tankar og ønskje som dere som brukarar har for Fitjarøyane. Takk til alle som har svart og på den måten gitt oss viktig informasjon.
Hjortejakta i Stord og Fitjar startar måndag 10. september
05.09.2007
Hjortejakta i Stord og Fitjar kommunar startar opp frå og med 10. september.
Tilsaman har valda fått tildelt 222 løyve for jakta i 2007, noko som er ein auke på 11 hjorteløyve frå jakta i 2006.
Barnas Trafikklubb
31.08.2007
Å bli en trygg og god trafikant tar mange år, og det er viktig å starte trafikkopplæringen tidlig. I trafikklubbene er opplæringen tilpasset barnet, og det skal være både inspirerende og morsomt å lære. Barnas Trafikklubb er klubben for barn fra 3 – 5 år.
Gratisordning med frukt og grønt til skular med ungdomstrinn
30.08.2007
I statsbudsjettet er det lagt inn nærare 90 mill. kroner til kommunane og private skular slik at alle ungdomsskular (skular med 8.-10. trinn) og kombinerte skular (skular med 1.-10. trinn) kan tilby gratis frukt og grønt til elevane frå hausten 2007. Resten av barneskulane kan framleis abonnere på Skolefrukt.
Les meir om tilbodet på nettstaden til Sosial- og helsedirektoratet.
Terje Vigen The musical i Kulturhuset
28.08.2007
Søndag var det ein fantastisk konsert i Fitjar- Kultur og Idrettsbygg, då stod Terje Vigen The musical på repertoaret.
Hjortakveld for Stord og Fitjar
27.08.2007
Stord Fitjar Landbruks- og Miljøkontor (SFLMK) inviterer til hjortakveld for grunneigarar/jegerar og andre interesserte i Stord og Fitjar.
Tid: Tysdag 4. september 2007 kl 2000
Stad: Fitjar vidaregåande skule
Sælevik skule nyt sommarveret på fjelltur
24.08.2007
Då ferien var over, skein endeleg sola. Heldigvis ligg det inne i skulens plan at me skal til fjells. Denne gongen var me snare med å kome oss avgårde medan sola enno skein. Foreldre og besteforeldre var kjekke og stilte opp med både biler og tursjokolade.
HELSESTASJON FOR UNGDOM
23.08.2007
Det vert ikkje Helsestasjon for Ungdom, onsdag 29 august pga. at vi er borte på kurs.
Vi har elles Helsestasjon for Ungdom kvar onsdag frå kl.14.00 til 16.00.
Du som er mellom 13 til 20 år er då Velkommen til å ta kontakt med oss her på Helsestasjonen.
Ung Etablerar i Sunnhordland
20.08.2007
Hausten 2007 arrangerer SNU og Samarbeidsrådet for Sunnhordland samlingar for unge mellom 19 og 30 år som går med ein draum om å starta eiga verksemd.
Skular får søppelspann hjå SIM
20.08.2007
Innføringa av gratis skulefrukt denne hausten kan medføra eit søppelproblem for skular som er med på ordninga. Avfallsselskapet SIM melder at skulane gratis kan få kjøkenspann til å kasta fruktavfallet i; eitt spann til kvart klasserom i kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes.
Velkommen
20.08.2007
Fitjar kommune og eg som ordførar er glad for å kunne ynskje velkommen til våre nye nettsider. Me såg etter kvart behov for å oppgradera våre nettsider som har vore i drift sidan 2001.
Nyhendeartiklar frå Fitjar kommune sine gamle websider
31.12.2006
Me har friska opp design og webarkitektur i samband med overgang til ny webløysing.
Nyhendeartiklar frå Fitjar kommune sine gamle websider har me arkivert. Ønskjer du dei, kan me framskaffa digital og papirkopi. Kontakt kring dette kan rettast til Leif Kåre Helland på e-post leif.kare.helland (at) fitjar.kommune.no.
Bømlafjordtunnelen opner
26.06.2007
Bømlafjordtunnelen opner fredag kl. 13.00. Vedlikehaldsarbeidet med reinsk og sikring i Bømlafjordtunnelen er nå i sluttfasen.
Skuleruta og barnehagerute 2007-2008
29.06.2007
Skuleruta og barnehageruta for neste år er no lagt ut på våre nettsider.
Hærverk ved Rådhuset
01.01.2007
Natt til 1 nyttårsdag vart postboksen på Rådhuset sprengt av fyrverkeri. I tillegg har ein gjort hærverk på juletræet ved Rådhuset, træet og julebelysninga er øydelagt.
Sælevik skule fekk første napp i vandrepokal
12.01.2007
Sælevik skule deltok i år på den årlege skeisemeisterskapen på Vikahaugane.
SIM tilbyr refleks på bosdunkane
31.01.2007
Så lenge opplaget rekk, tilbyr avfallsselskapet SIM sine abonnentar gratis refleksstriper til å lima på bosdunkane. Refleksane er meint å motverka at dunkane skaper trafikkfarlege situasjonar ved at dei bles over ende eller vert ståande på tømmeplassen etter tømming.
Hovudopptak barnehage 2007-08
13.02.2007
Dei som vil vera med i hovudopptaket til barnehageplass i Fitjar kommune 2007/2008, må søkja innan 1. april 2007.
NVE gjev konsesjon til Midtfjellet Vindkraft AS
19.02.2007
NVE gav i dag Midtfjellet Vindkraft AS konsesjon for bygging av vindmøller i Fitjar. NVE gav samstundes konsesjon til alle prosjekta i Austevoll inkludert Selbjørn. Søknaden for Langevåg vart avslått. Grunngjevinga er at desse anlegga vil styrkja kraftbalansen i Sunnhordland der det i dag er underskot på kraft.
Innskriving i skulen
27.02.2007
Det blir innskriving i skulen i Fitjar for alle som skal ta til i 1.trinn hausten 2007 den 22 mars (Rimbareid -og Øvrebygda skule) og 23 mars (Sælevik skule).
Fitjar kommune har fått webkamera
21.03.2007
Det er no motert eit webkamera på rådhuset, dette viser utsyn over Torget og deler av sentrum i Fitjar. Når du klikkar på linken vil det verte teke eit foto, ved å oppdatera weblesaren din vil eit nytt foto verta teken.
Skulestart på Øvrebygda skule
14.08.2007
I år vert me 54 elevar på Øvrebygda skule. Det er like mange gutar som jenter. I første klasse startar det 5 nye elevar. Første skuledag vert måndag 20. august, og med oppstart frå klokka 8.40.
Spørjeskjema: til brukarar/eigarar av areal i Fitjarøyane
30.03.2007
N.B !!
Trekning av _nyttig_ gevinst blant dei som leverer utfylt spørjeskjema (m/namn og adresse) attende innan 11. april.
Søknad om plass i kulturskulen
11.04.2007
Det er tid for å søkje om plass i kulturskulen for skuleåret 2007-08. Søknadsfrist er 1.mai 2007.
Endring av møtedato Utval for plan og miljø
13.04.2007
Tillyst møte i Utval for plan og miljø/Fast utval for plansaker 18.04.2007 går ut. Ny møtedato vert onsdag 25.04.2007 kl. 14:30.
Ledig stilling som Økonomisjef
18.04.2007
Vår økonomisjef sluttar 1.7. 2007 for å byrja i stilling i annan kommune. Økonomisjefen vil ha ansvaret for det overordna budsjett- og økonomiarbeidet i kommunen. Avdelinga er delt inn i 3 fagseksjonar: Skatt og innkrevjing, lønsseksjon og rekneskaps- og budsjettseksjon.
Kongens fortenestemedalje til Karl Gloppen
18.04.2007
På måndag vart Karl Gloppen meddelt at han er blitt tildelt H.M. Kongens fortenestemedalje i sølv av ordførar Agnar Aarskog.
Pressemelding - Informasjon om stenging av Bømlafjordtunnelen
15.05.2007
Bømlafjordtunnelen stengd i juni for reinsk og sikring. Statens vegvesen har bestemt at den åtte kilometer lange undersjøiske Bømlafjordtunnelen må stengast i nokre veker frå midten av juni for få gjennomført nødvendig reinsk og vedlikehaldsarbeid. Årsaken er at Vegvesenet, i samband med rutinemessige kontrollar har oppdaga nedfall av massar bak vass- og frostsikringskvelven. Det vert sett inn ferje på Bømlafjorden i perioden tunnelen er stengd.
Gratisferje på Bømlafjorden
15.05.2007
Statens vegvesen har bestemt at det vert gratis ferjer på Valevåg-Skjersholmane i den perioden Bømlafjorden må stengast grunna vedlikehaldsarbeid. Vedlikehaldsarbeidet med reinsk og sikring i Bømlafjordtunnelen er planlagt gjennomført i juni i år. Endeleg oppstartsdato er enno ikkje avklara.
Billedvev til Fitjar Kultur- og Idrettsbygg
16.05.2007
Kari Ivarsøy overleverte i går eit flott billedvev til Ftijar Kultur- og Idrettsbygg.
Karl Gloppen fekk fortenestemedalje 17 mai
18.05.2007
Karl Gloppen fekk utdelt Kongens fortenestemedalje i sølv av ordførar Agnar Aarskog på sjølvaste 17. mai ved den tradisjonelle 17 mai markeringa i parken.
Fitjar kommune styrkjer heimesjukepleien
21.05.2007
Formannskapet vedtok på sitt møte 15.05.07 å styrkja heimesjukepleien med 1 stilling som sjukepleiar og i tillegg 6 turnusstillingar som gjev 1,56 stilling totalt. Grunngjevinga for å styrka heimesjukepleien er auka hjelpebehov. I tillegg så er grunnbemanninga for låg etter fleire nedskjeringar dei siste åra. Med dette skal brukarane av heimetenester få betre tilbod samt at dei tilsette får ein litt lettare kvardag.
Fitjar kommune styrkjer spesialundervisninga
21.05.2007
Formannskapet i Fitjar vedtok på sitt møte 15.05.07 å styrkja spesialundervisninga i barnehage og skule frå 01.08.07. Det vert oppretta 1,32 læararstilling og 0,4 spesialpedagogstilling. Dette vil gje alle som er tildelt spesialundervisning tilbod om dette og Fitjar kommune held seg innanfor Opplæringslova. Fitjar kommune er glad for å kunna imøtekoma krav om auka spesialundervisning i Fitjar skulen og i barnehagane for skuleåret 2007/2008.
Auka folketal i Fitjar kommune første kvartal
22.05.2007
Fitjar har hatt auke i folketalet i første kvartal 2007. Auken er på 4 personar. Det har flytta 17 personar til kommunen og 17 personar har flytta frå. Årsaka til folketalsauken er fødselsoverskot. Dersom veksten held seg ut året vil det verta ein fin vekst for kommunen i 2007. Pr 31.03.2007 budde det 2901 innbyggjarar i Fitjar kommune.
Spørjeskjema til hytteeigarar og andre brukarar av Fitjarøyane
01.06.2007
Dette spørjeskjemaet er ein del av Forprosjekt næringsutvikling i Fitjarøyane. Som Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor (SFLMK) har ansvaret for. Prosjektet som m.a. vert støtta av Fylkesmannen i Hordaland si landbruksavdeling, har nye næringar og arbeidsplassar, knytt til kystlandskapet vårt, som målsetting. Tiltaket vil også involvera deg (hytteeigar og båtfolk), som ynskjer framgang i regionen og ikkje minst eit velstelt landskap i Fitjar. For å skissera gode tiltak for auka bruk, samstundes som kulturlandskapet vert teke vare på, så ynskjer me å vita kva tankar og ynskjer eigarar av fritidseigedomar, båtfolk m.fl. har, om aktivitet/tiltak i Fitjarøyane?
Politisk debattmøte i Kulturhuset
10.08.2007
Tysdag 28.08.07 kl 18.00 vert det politisk debattmøte i regi av Bladet Sunnhordland. Møte vert i Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg. Sunnhordland stiller med debattleiar, men publikum vil sjølvsagt også få høve til å stilla spørsmål. Partia stiller med kvar sin førstekandidat. Me håpar mange nyttar høve til å få med seg debatten.
Sommarhelsing til innbyggjarane i Fitjar
09.07.2007
Sommaren er over oss og me ser fram til ferie, då kan me nyta tilvære anten me dreg på tur eller vel å vera heime i vår vakre bygd. Tida er inne for å gjera ei oppsummering av stoda i Fitjar kommune. Ikkje berre er det eit halvårs bolke som er over, men ein 4 års bolke for oss politikarar som går mot slutten.