Fitjar Kommune

Vinterstemning på Kalveid

Dagens bilde: Vinterstemning på Kalveid

Foto: Terje Eiken

Send ditt blinkskot på: foto@fitjar.kommune.no

Om Fitjar kulturskule

Fitjar kulturskule blei oppretta i 1992. Kulturskulen gjev undervisning i piano, song, gitar, tverrfløyte, messing/korps og frå hausten 2009 også i dans.

Skulen har eit tett samarbeid med Fitjar skulekorps og tilbyr dirigenttenester til korpset.

Elevane kan søkje plass heile skuleåret, men hovedopptaka er i mai og desember. Elevavgifta er kr 1050,- for halvåret. Elevane bind seg for minst eit halvt år og må melde seg ut skriftleg pr. brev eller e-post innan 15. mai eller 1.desember. Sjå eige skjema for innmelding, utmelding og vilkåra.

Rektor er å treffa på kontoret i Fitjar rådhus kvar torsdag kl. 08.00 - 13.45, tlf 534 58 553. Ho har også kontortid måndagar kl. 08.00 - 13.30, men sit da anna kvar veke på Fitjar og på kontoret til Stord kulturskule, tlf 53496772.

I august 2007 inngjekk Fitjar kulturskule eit samarbeid med Stord kulturskule. Dette samarbeidet inneber at elevar frå Fitjar kan søkja elevplass i Stord kulturskule på tilbod som Fitjar kulturskule ikkje har. Elevar frå Fitjar vert handsama på lik line med elevar  Stord. Undervisninga til Stord kulturskule er lagt til Stord kulturhus på Leirvik. For meir informasjon sjå http://skole.stord.kommune.no/smok/

Lærarar i kulturskulen skuleåret 2009/2010:

Miroslav Mintchev, piano og gitar

Kjell Saue, song og piano

Anne Lene Østvold Jordåen, fløyte, prosjekt i barnehagar og Øvrebygda skule, rektor

Svein Roger Koppang, messinginstrument og dirigent for skulekorpset

Orlaug K. Evensen, prosjekt i barnehagar

 

 

 

Tid for å søkja plass i kulturskulen

04.03.2010

Det er no tid for å søkje plass i kuturskulen.

Me vil frå hausten kunne tilby undervisning i tverrfløyte, piano, gitar, song, slagverk, dans, messinginstrument (aspirantopplæring til skulekorpset) samt tilbod i tilrettelagt undervisning for elevar med særsklide behov.

Minnar om at dei som er elevar i kulturskulen ikkje treng og søkja.

Søknadsskjema er å finna i kundetorget samt i resepasjonane ved alle skular. Ein kan også søkja elektronisk :https://kommune24-7.no/Prompt.aspx?eDocumentTemplateID=82913d59-4026-4821-ab09-62c0d6056619&SubscriberConsumerID=16ffe45e-e906-4d8b-aba0-10baf63e0b4f

(Dette er felles søknadsskjema med Stord kulturskule)

Søknadsfrist er 1. april.

Les meir

Koseleg konsert i foajen

01.03.2010

Foto: Helga Rimmereid

 

13 jenter var i sving under konserten i foajeen torsdag kveld. Me fekk høyra eit variert og fint program.

Vil du lesa meir om konserten,

 klikk her:

http://www.fitjarposten.no/artikkel/4880_mange-musikalske-jenter

 

Les meir

Foajekonsert

08.02.2010

Torsdag 18. februar vert det foajekonsert i kultur og idrettsbygget kl. 18.00. Det vert variert program med elevar på song, gitar, piano og tverrfløyte.

 

Velkomen til konsert!

 

Les meir

Auka elevbetaling

21.01.2010

 

Fitjar kommunestyre vedtok på møte 16.12.2009 å auke elevbetalinga i Fitjar kulturskule, gjeldande frå 01.01.2010.

Ny pris for undervisninga vert kr 2160.- pr.år.Faktura vert sendt ut 2 gangar i året og er da på kr 1080.- (februar/september)

 

Moderasjon for sysken/fleire elevplassar vert:

Moderasjon barn/aktivitet 2:  kr 756 (minus 30%)

Moderasjon barn/aktivitet 3 eller fleire: kr 540 (minus 50%.)

Les meir

Flott advenyskonsert

22.01.2010

Kulturskulen hadde torsdag 3. desember ein flott og variert konsert i kultursalen i kultur og idrettsbygget. Fitjar skulekorps og Fitjar barnegospel var inviterte gjestar. Salen var så godt som fullsett - vil du lesa meir om konseten gå inn på:http://www.fitjarposten.no/artikkel/4563_stjernene-skein

Les meir

Pensjonistkonsert

03.12.2009

Foto: Helga RimmereidTorsdag 10. desember kl.11.00 i foajen, Fitjar kultur og idrettsbygg.

Fitjar kulturskule inviterar alle pensjonistar, besteforeldre og elles alle som har tid og lyst til å koma på ein koseleg førjulskonsert. Elevane vil spela og synga julamusikk, det vert også tid allsong av kjente og kjære julasongar. Kulturskulen serverer kaffi og litt og bita i. Hjarteleg velkomen til konsert!

Fri entrè!

Les meir

Adventskonsert

26.11.2009

 

Torsdag 3. desember kl. 18.00 vert det adventskonsert i kultursalen i Fitjar kultur og idrettsbygg. I år har kulturskulen invitert med seg Fitjar barnegospel, det skal bli kjekt å høyra dei. I tillegg får me høyra Fitjar skulekorps og elevar på gitar, song, piano og tverrfløyte.  Programet vil bli variert og flott. Hjarteleg velkomen til konsert!

Les meir

Fløytespel på Øvrebygda skule

29.10.2009

Øvrebygda skule og kulturskulen samarbeider også dette skuleåret om undervisning i "mini-tverrfløyter". Det er 3. og 4. trinnet som er med i prosjektet. Prosjektet vert leia av fløytepedagog Anne Lene Østvold Jordåen. Vil du lesa meir  om prosjektet:

http://www.fitjarposten.no/artikkel/4332_svingande-floytespel

Les meir

Musikkleik i barnehagane

22.10.2009

Kulturskulen og alle barnehagane samarbeidar om eit spanande prosjekt dette skuleåret. Barnehagane er inndelt i grupper og alle gruppene får undervisning i det me har kalla "Musikkleik". Lærarane for musikkleiken er Orlaug Evensen og Anne Lene Østvold Jordåen. Vil du lesa meir om dette prosjektet gå inn på: http://www.fitjarposten.no/artikkel/4333_alt-kan-bli-til-musikk

Les meir

Kjekk konsert i foajeen

19.10.2009

foto: Helga RimmereidTorsdag 15. oktober var det elevkonsert i foajeen i kultur og idrettsbygget. Heile 28 av kulturskulen sine elevar var i sving - kjempebra! Me fekk høyra eit variert og flott program. Vil du lesa meir om konserten gå inn på: http://www.fitjarposten.no/artikkel/4328_lang,-kjekk-og-variert-foajekonsert

 Foto:Helga Rimmereid

Les meir

Haustens første konsert

01.10.2009

 

Skuleåret er allereie godt i gang og elevane arbeidar godt.

Det er difor klart for konsert torsdag 15. oktober kl. 18.00 i foajeen i kultur og idrettsbygget.

På konserten vil me få høyra elevar på song, piano, gitar og tverrfløyte.

Alle er hjarteleg velkomne - konserten er gratis! 

Les meir

Ikkje danseundervisning

17.08.2009

Den planlagte danseundervisninga kjem diverre ikkje i gang no i haust. Kulturskulen har ikkje lukkast i å skaffa lærar i tilbodet og undervisninga kan difor ikkje starte opp.

Kulturskulen jaktar på lærar og håpar å få tilbodet i gang i løp av skuleåret.

Les meir

Oppstart av skuleåret 2009/2010

05.08.2009

Kulturskulen startar opp med felles informasjonsmøte for alle elevar på gitar, song, piano og tverrfløyte tysdag 18. august kl. 17.00 i kultursalen i Kultur og idrettsbygget. Her vert det litt informasjon frå rektor og så vil kvar lærar leggja fram timeplanen for sine elevar.

 

Allle som går i Fitjar skulekorps, både nye og gamle, vil få informasjon frå styret i skulekorpset om korleis oppstarten av skuleåret skal vera.

 

Velkomen til eit nytt og kjekt skuleår i Fitjar kulturskule.

 

Les meir

God sommar

17.06.2009

Kulturskulen tek ferie frå måndag 22. juni. Ynskjer ein kontakt med kulturskulen i løp av ferien, send ein e-post til anle@fitjar.kommune.no, rektor les e-postane med jamne mellomrom.

God sommar til alle!

Les meir

Opptak av nye elvar

11.06.2009

Opptaket av nye elvar er no gjort, og dei heldige får brev tilsendt i posten. Diverre er det mange som vert ståandes på venteliste, særleg mange på gitar. Dette er berre å beklaga.

 

Etter planen skal kulturskulen starte opp med dansundervisning i august, mange elevar har søkt og alle har fått plass. Problemet er at me ikkje har klart å få tak i lærar ennå. Kulturskulen arbeider med dette og håpar det vil løysast til skulestart. Dei elevane dette gjeld vil få skriftleg informasjon i august om kva som skjer. 

Les meir

Flott sommarkonsert

03.06.2009

Torsdag 28. mai hadde kulturskulen ein flott sommarkonsert i kultursalen. Me fekk høyra eit variert og kjekt program. Vil du lese meir om konserten kan du gjera det her: http://www.fitjarposten.no/artikkel/3819_flott-sommarkonsert

 

Les meir

106 ynskjer plass til hausten

25.05.2009

Heile 106 barn og unge står no på venteliste for å få plass i kulturskulen. Det er ny rekord! Det er svært gledeleg at så mange ynkjer å få undervisning i musikk og dans. Opptaket av nye elevar vert gjort i starten av juni og alle skal få melding før skuleferien om dei har fått plass eller ikkje.

Les meir

Sommarkonsert

13.05.2009

Torsdag 28. mai vert det flott sommarkonsert i kultursalen. Fitjar skulekorps og elevar på song, piano, fløyte, kornett og gitar spelar og syng. Ei fløytegruppe frå Øvrebygda skule skal også vera med. 

Velkomen til konsert torsdag 28. mai kl. 18.00 i kultursalen, Fitjar kultur og idrettsbygg!! 

Les meir

Konsert i barnehagane

27.04.2009

Torsdag 23. april var Orlaug og Anne Lene på konsertbesøk i alle barnehagane i kommunen. Tema for konserten var vår, difor hadde damene kledd seg ut som søte sommarfuglar. På programmet stod mellom anna den kjende "Humlens flukt" og dikt av Inger Hagerup. Mikkel rev i "klassisk" forkleding (N. H. Aasheim)for firhendig piano blei også godt mottatt. Ungane konsete seg - nokre meinte til og med at det var litt skummelt........

Lærarane i kulturskulen håpar på å kunne gjennomføra eit lignande opplegg neste skuleår også!

Vil du les meir, sjå artikkel i Fitjarposten: http://www.fitjarposten.no/artikkel/3675_-sommarfuglebesok

Les meir

Dans i kulturskulen

17.04.2009

Fitjar kulturskule skal starte opp med undervisning i dans (jazz/street dans) ved skulestart i august. Det vert undervisning ein gong i veka og aldersdelte grupper. Det er framleis ledige plassar!

Les meir

Flott innsats av Fitjar skulekorps

01.04.2009

Fitjar skulekorps deltok 29. mars i småkorpskonkurranse i Førde samfunnshus. Skulekorpset kom på ein flott 3. plass, men tok 1. plass i solistkonkurransen. Her var det Marthe Volden Nordfonn som var songsolist og ho framførte "Det vacraste" i lag med korpset.

Kulturskulen gratulerar så mykje og er stolte av skulekorpset!!

Vil du lesa meir om konkurransen, gå inn på:http://www.fitjarposten.no/artikkel/3582_henta-heim-pokalar

 

Les meir

Tid for å søkja plass i kulturskulen

11.03.2009

foto: Helga RimmereidDet er no tid for å søkja plass i Fitjar kulturskule for skuleåret 2009/2010. Kulturskulen har undervisning i song, gitar, tverrfløyte, piano, messinginstrument (aspirantopplæring til Fitjar skulekorps) og startar opp med nytt tilbod i dans frå skuleåret 2009/2010.

Søknadsfrist er 1. april.

Les meir

Sjørøvarkonsert

28.01.2009

Torsdag 5. februar skal 12 av elevane i kulturskulen halda barnehagekonsertar. Alle barnehagane i kommunen er invitert til kjekk sjørøvarkonsert i folkebiblioteket. Konserten som tek til kl. 11.30 er også open for alle! På konserten vil Karvel Strømme fortelja ein sjørøvarhistorie eller to, tid til allsong vert det og.

Velkomen til konsert i biblioteket!

Les meir

PAPIR

28.01.2009

Kulturskulen starta 2009 med å invitera kunstnaren/designaren Jørund Fjøsne til å gjennomføra eit kunstprosjet for elevane våre. Alle kulturskulen sine elevar som går på 5 og 6 trinn fekk tilbod om å vera med.

Les meir

Ledige elevplass på tverrfløyte

05.01.2009

Kulturskulen har ledig ein elevplass på tverrfløyte frå januar 2009. Undervisninga er lagt til onsdagar, rett etter skuletid. Kulturskulen har instrument som elevane leiger. Ta kontakt med rektor og fløytelærar Anne Lene Østvold Jordåen tlf. 53458553 for meir informasjon og påmelding.

Les meir

Snart jul!

17.12.2008

Hei alle saman!

Kulturskulen har hatt eit flott år og me kan sjå tilbake på mange fine konsertar og andre arrangement. Nedanfor kan de sjå nokre glimt frå året som har gått!

Fitjar kulturskule ynskjer alle ei fredeleg jul og alt vel i det nye året!

Alle foto: Helga Rimmereid

 

Les meir

Konsert for pensjonistar

23.11.2008

Onsdag 3. desember kl. 11.00 vert det konsert for pensjonistar , besteforeldre og alle andre! Elevar frå kulturskulen spelar og syng. Det vert allsong, kaffi og litt å bita i. Velkomen til foajeen i kultur og idrettsbygget! 

 

Les meir

Flott adventskonsert

23.11.2008

Kulturskulen hadde ein flott konsert torsdag kveld - mykje folk og god stemning.

 

Les meir

Adventskonsert

05.11.2008

Torsdag 20. november vert det flott adventskonsert i kultursalen i Fitjar kultur og idrettsbygg. På konserten får me høyre Fitjar skulekorps, elevar på song, piano, gitar og fløyte. I tillegg kjem og ei gruppe elevar frå Øvrebygda skule.

Velkomen til konsert kl. 18.00!

Bill. kr 30 for vaksne og gratis for alle born.

Les meir

Aktivitetar hausten 2008

22.10.2008

Skuleåret er godt i gang og me har allereie hatt ein flott konsert. Det er kjekt å sjå at elevane er ivrige og øver godt. 

Kulturskulen skal ha konsert torsdag 20. november kl. 18.00 i kultursalen i kultur og idrettsbygget. Her skal me få høyra skulekorpset, ei fløytegruppe frå Øvrebygda skule og elles solo elevar og grupper.

Onsdag 3. desember vert det formiddagskonsert kl. 11.00 for besteforeldre og pensjonistar (og elles andre som har lyst....), her vert det i tillegg allsong og kaffi og litt å bita i. Denne konserten er i foajeen i kultur og idrettsbygget.

Fitjar skulekorps har også ein aktiv haust og neste konsert for dei vert på skulekorpset sin årsfest fredag 7. november. Her skal me også få høyra dei nye aspirantane.

Nokre elevar skal også spela for kommunestyret før jul og etter jul vert det "sjørøvarkonsert" for alle barnehageungane i biblioteket. Det er berre å gle seg!

Les meir

Triveleg foajekonsert

22.10.2008

Torsdag 2. oktober hadde 20 av elevane i kulturskulen konsert for forldre, besteboreldre og vener. Det var ein kjekk og variert konsert.

Les meir

Foajekonsert

29.09.2008

Torsdag 2. oktober kl. 18.00 vert det konsert i foajeen i kultur og idrettsbygget. Elevane har arbeidd godt etter sommarferien og er no klar med sin fyrste konsert i dette skuleåret. Programmet vert variert og kjekt og me skal mellom anna få høyra dei nye fløyte-elevane spela. Vel møtt til konsert!

Les meir

Mini tverrfløyter

22.09.2008

Øvrebygda skule og kulturskulen har starta eit samarbeidsprosjekt der alle elvar på 3. trinn får opplæring i mini tverrfløyter.

Les meir

Elevar med eigen CD

18.08.2008

 

Tre av songelevane har fått hjelp til å laga ein flott CD. Det er lærar Kjell Saue som står bak prosjektet.

Les meir

Oppstart av nytt skuleår

04.08.2008

Kulturskulen startar opp måndag 18. august. Det vert felles informasjonsmøte denne dagen kl. 17.00 i kultursalen i Fitjarkultur og idrettsbygg. Vanleg undervisning tek til frå tysdag 19. august. Vel møtt!

Les meir

GOD SOMMAR

16.06.2008

solKulturskulen vil ynskja alle elvar og føresette ein fin sommar!

Me startar opp igjen måndag 18. august med felles møte i kultursalen kl. 17.30. Vanleg undervisning tek til tysdag 19. august.

Les meir

Flott sommarkonsert

04.06.2008

 

Marte spelar blomster småÅrets sommarkonsert gjekk av stabelen torsdag 29. mai i kultursalen i kultur og idrettsbygget. Skulekorpset starta med å spela tre fengande melodiar, dirigert av Svein Roger Koppang. Etterpå var det ei avdeling med elevar på piano, gitar og song. Me fekk høyra mange flotte pianostykker, ekstra kjekt å høyra fleire pianoelevar i sving samstundes. Songelevane song kjente songar, Think Twice, Fly me to the moon og Fly with me. Argentinsk dans og Norwegian Wood var bidraget frå gitarelevane, flott! Til slutt i programmet spela Fitjar musikklag.

 

 

 

Les meir

Sommarkonsert

07.05.2008

Torsdag 29. mai vert det sommarkonsert i kultursalen i kultur og idrettsbygget kl. 18.00. Programmet er variert og kjekt. Me skal få høyra elevar på song, gitar og piano, Fitjar skulekorps, dei danseglade jentene om deltok på danseprosjekt i vinter og til sist har me invitert med oss Fitjar musikklag. Velkomen til ein flott sommarkonsert.

Les meir

Mange har søkt om plass i kulturskulen

28.04.2008

Aspirantar i svingVeldig mange har søkt om plass i kulturskulen for skuleåret 2008/2009. Me er i dag oppe i 67 søkjarar, 10 av desse har søkt på tilbod som dei må til Stord kulturskule for å få (gjeld dei som har søkt på slagverk, fiolin og dans). Det er gitar som er mest populært, med heile 23 søkjarar, elles fordelar søkjarane seg jevnt over på dei andre instrumenta.

Les meir

Marknad i Øvrebygda

14.04.2008

Onsdag 9. april hadde Fitjar skulekorps sin årlege marknad. Gymsalen var stappfull av folk og stemninga var topp.

Les meir

Flott konsert i foajeen!

14.04.2008

Ingrid og HildegardTorsdag 10. april var det flott konsert i foajeen i kultur og idrettsbygget. Mange kom for å høyra, så mange at nokon måtte stå på gangen.

Les meir

Danseprosjektet!

03.03.2008

Danseprosjektet er i full gang og 20 ivrige jenter hadde 2 økter i sist veke og skal møtast til 2 økter i denne veka!

Les meir

UKM

13.02.2008

To av kulturskulen sine elevar deltok i UKM, som vart arrangert på Fitjar, laurdag 2. februar. Det var Audun A. Mehammer og Johanne F. Brekke, dei song flott begge to!. Johanne vart også plukka ut til å representera Fitjar under fylkesmønstringa i Bergen i mars. Gratulerar og lykke til vidare!!!!

Les meir

Nytt tilbod i kulturskulen

30.01.2008

Kulturskulen skal i august starta opp med undervisning i tverrfløyte. Lærar her vert Anne Lene Østvold Jordåen. Ho er utdanna fløytist og arbeider som rektor i kulturskulen på Fitjar. Anne Lene underviser også i tverrfløyte ved Stord kulturskule. Fitjar kulturskule har fløyter til utleige. Søknadsfrist er 1.april. Denne fristen gjeld også alle andre tilbod i kulturskulen.

Les meir

Trollete konsert på biblioteket.

28.01.2008

Fredag 25. januar hadde 17 elevar frå kulturskulen heile 3 trollkonsertar på biblioteket. Alle barnehagane i kommunen var inviterte.

Les meir

Troll i biblioteket

09.01.2008

Fredag 25. januar inviterar Fitjar folkebibliotek og kulturskulen til troll konsert i biblioteket.

Les meir

Danseprosjekt

12.12.2007

Kulturskulen inviterar med dette alle elevar på 5-7 trinn til å bli med på danseprosjekt, vinter 2008.

Les meir

Flott adventskonsert

06.12.2007

Torsdag 29. november hadde kulturskulen ein flott adventskonsert i kultursalen i Kultur og idrettsbygget.

Les meir

Besteforeldre og pensjonist konsert

29.11.2007

Onsdag 5. desember kl.11.00 vert det konsert i foajeen i kultur og idrettsbygget. Konserten er retta mot besteforeldre og pensjonistar, men alle er sjølvsagt velkomne!

Les meir

Adventskonsert 29. november

21.11.2007

Fitjar kulturskule inviterar til adventskonsert torsdag 29.11 kl. 18.00 i kultursalen i Fitjar kultur og idrettsbygg.

Les meir

Elevkonserten 18. oktober.

31.10.2007

Torsdag 18. oktober hadde kulturskulen sin fyrste elevkonsert dette skuleåret i foajeen i kultur og idrettsbygget. Det var ein kort og koseleg konsert.

Les meir

Aktivitetar hausten 2007

26.09.2007

Me skal ha fleire kjekke konsertar i haust. Det er og under planlegging ein konsert for barnehagane i kommunen og ein for besteforeldre/pensjonistar.

Les meir

Turistinformasjon

Nyhetsbrev

Få tilsendt nyhende frå denne sida. Registrer deg her

RSS frå kommunen

Kamera

  

Fitjar sentrum nett no

Sjøsio nett no

Kontakt kommunen

Kontaktbilde

 

Fitjar kommune har eit areal på 145 km2 og ca. 3000  innbyggjarar.

Ordførar
Harald Rydland (KrF)

Rådmann
Atle Tornes

Kommunenr. 1222
Organisasjonsnummer 944073310
Postadresse
Postboks 83, 5418 Fitjar
Telefonnr 53 45 85 00
Telefax nr 53 45 85 01
Teknisk vakt 95229950
Epost
fitjar@fitjar.kommune.no
Internett
www.fitjar.kommune.no

Innkjøp

Interkommunalt innkjøpsforum