Fitjar Kommune

Vinterstemning på Kalveid

Dagens bilde: Vinterstemning på Kalveid

Foto: Terje Eiken

Send ditt blinkskot på: foto@fitjar.kommune.no

Innmelding/utmelding

 

Tilbod i kulturskulen skuleåret 2010/2011.

Fitjar kulturskule inngjekk i august 2007 eit samarbeid med Stord kulturskule. Dette samarbeidet inneber at alle søknadar skal sendast til felles opptak ved Stord kulturskule, enten i papirutgåve eller elektronisk.

Fitjar kulturskule vil frå hausten 2010 tilby undervisning i:  song, piano, tverrfløyte, gitar og messinginstrument /korps, slagverk og dans. Ynskjer ein å søkje på andre tilbod kan ein gjera det i Stord kulturskule. Elevar frå Fitjar vert handsama på lik line med elevar frå Stord. Stord kulturskule tilbyr undervisning også i fiolin, cello, div. treblåseinstrument, drama og musikkleik for 0-1- åringar.

Innmelding er ikkje bindande før ein har fått tilbod om plass og takka ja. Den som står på venteliste er registrert heilt til den får plass eller melder at dei ikkje vil stå på venteliste. Elevane kan søkje plass heile skuleåret, men hovudopptaka er i mai og desember. 

Undervisninga ligg etter skuletid. Me har undervisning i Klokkargarden, ved Rimbareid skule, men er det elevgrunnlag nok vert det også undervisning i krinsane Øvrebygda og Sælevik. For dei elevane som søkjer på tilbod i Stord kulturskule er undervisninga lagt til Stord kulturhus. Kulturskulen følgjer skuleruta.

Elevavgifta er 1080 kr for halvåret, 2160 kr for eit år. Det vert gjeve rabatt for familiar som har fleire plassar. Ein får 30% rabatt for plass nr. 2 og 50% for plass nr. 3. Elevane bind seg for minst eit halvt år og må melde seg skriftleg ut pr. brev eller e-post innan 15. mai eller 1. desember. Elevar som sluttar i løpet av halvåret, må betale for heile semesteret, 1080 kr. Elevar som får tilbod om plass midt i skuleåret får redusert betaling tilsvarande dei skulevekene som er frå skulestart til ein startar i kulturskulen.

Det er viktig å merke seg at Fitjar kulturskule og Stord kulturskule ikkje har lik elevavgift.

Det er felles søknadskjema for kulturskulane i Fitjar og Stord. Fitjar kulturskule nyttar Stord kulturskule sitt elektroniske sknadsskjema. Nyttar ein papirsøknadsskjema skal det sendast til Fitjar kulturskule, postboks 83, 5418 FITJAR eller leverast i kundetorget.  

Innmelding.

Klikk deg inn her for å søkja elektronisk. (Felles søknadskjema med kulturskulen i Stord)

 

 

 

 

Utmelding (innan 15.mai og 1.desember).

Ver gild å fylla ut skjemaet under og send det inn til oss.

Elev
Instrument
Frå dato
Føresette

Turistinformasjon

Nyhetsbrev

Få tilsendt nyhende frå denne sida. Registrer deg her

RSS frå kommunen

Kamera

  

Fitjar sentrum nett no

Sjøsio nett no

Kontakt kommunen

Kontaktbilde

 

Fitjar kommune har eit areal på 145 km2 og ca. 3000  innbyggjarar.

Ordførar
Harald Rydland (KrF)

Rådmann
Atle Tornes

Kommunenr. 1222
Organisasjonsnummer 944073310
Postadresse
Postboks 83, 5418 Fitjar
Telefonnr 53 45 85 00
Telefax nr 53 45 85 01
Teknisk vakt 95229950
Epost
fitjar@fitjar.kommune.no
Internett
www.fitjar.kommune.no

Innkjøp

Interkommunalt innkjøpsforum