Om Fitjar kulturskule
Fitjar kulturskule blei oppretta i 1992. Kulturskulen gjev undervisning i piano, song, gitar, tverrfløyte, messing/korps og slagverk.
Skulen har eit tett samarbeid med Fitjar skulekorps og tilbyr dirigenttenester til korpset.
Elevane kan søkje plass heile skuleåret, men hovuedopptaka er i mai og desember. Elevavgifta er kr 1080,- for halvåret. Elevane bind seg for minst eit halvt år og må melde seg ut skriftleg pr. brev eller e-post innan 15. mai eller 1.desember. Sjå eige skjema for innmelding, utmelding og vilkåra.
Rektor, Anne Lene Østvold Jordåen er å treffa på kontoret i Fitjar rådhus kvar fredag kl. 08.00 - 13.45, tlf 534 58 553. Ho har også kontortid måndagar kl. 08.00 - 14.00, men sit da anna kvar veke på Fitjar og på kontoret til Stord kulturskule, tlf 53496772.
I august 2007 inngjekk Fitjar kulturskule eit samarbeid med Stord kulturskule. Dette samarbeidet inneber at elevar frå Fitjar kan søkja elevplass i Stord kulturskule på tilbod som Fitjar kulturskule ikkje har. Elevar frå Fitjar vert handsama på lik line med elevar Stord. Undervisninga til Stord kulturskule er lagt til Stord kulturhus på Leirvik. For meir informasjon sjå http://skole.stord.kommune.no/smok/
Lærarar i kulturskulen skuleåret 2010/2011:
Miroslav Mintchev, piano og gitar
Kjell Saue, song og tilrettelagt undervisning
Anne Lene Østvold Jordåen, fløyte, prosjekt i barnehagar og Øvrebygda og Sælevik skule,
Svein Roger Koppang, messinginstrument og dirigent for skulekorpset
Orlaug K. Evensen, song, piano og prosjekt i barnehagar
Terje Solsvik, slagverk
Oppstart av skuleåret 2010/2011
09.08.2010
Oppstartsmøte onsdag 18. august kl. 17.00 i kultursalen, Fitjar kultur og idrettsbygg. Det vert fyrst eit kort felles møte før me delar oss i grupper og kvar lærar vil gjennomgå sin timeplan med si elevgruppe. Det er særs viktig at alle møter, da går timeplanlegginga såp mykje betre!. Alle skal møta i lag med føresette.
Dette møtet er for alle elevar som får undervisning i song, piano, tverrfløyte, slagverk eller gitar. Elevar på messinginstrument vil få melding direkte frå Fitjar skulekorps om oppstart av skuleåret.
All undervisning tek til frå måndag 23. august.
Kjekk sommarkonsert
10.06.2010

Kulturskulen sin årlege sommarkonsert gjekk av stabelen torsdag 3. juni i kultursalen, Fitjar kultur og idrettsbygg. Publikum var mange og elevane leverte ein flott konsert! Vil du lesa meir om konserten klikk her.
Sommarkonsert
27.05.2010

Torsdag 3. juni held kulturskulen sin tradisjonelle sommarkonsert i kutursalen kl. 18.00.
På konserten deltek elevar frå kulturskulen på tverrfløyte, song, gitar og piano. Fitjar skulekorps er også med, og dei vil framføra delar av sitt "Spania-program". Skulekorpset skal på jubileumstur til Spania og har difor øvd inn eit flott program.
Velkomen til flott konsert!
Vårkonsert
19.04.2010

Torsdag 22. april kl. 18.00 vert det vårkonsert i kultursalen i Fitjar kultur og idrettsbygg. Me får høyra elevar på song, gitar, piano og fløyte. I tillegg skal 5- og 6- åringane frå alle barnehagane i kommunen vera med. Barnehagane og kulturskulen har eit flott samarbeid og på konserten vil me visa fram noko av det me har arbeidd med gjennom skuleåret.
Velkomen til konsert!
Søk plass i kulturskulen
08.04.2010

Sjølv om fristen til å søkja plass i kulturskulen har gått ut, er det enda ikkje for seint. Me tek framleis i mot søknadar.
Til dei som har lyst å søkja aspirantundervisning i Fitjar skulekorps, er fristen satt til 15.mai. Skulekorpset legg ut på sin årlege "verve-turnè" i slutten av april og kjem da på besøk rundt på skulane med informasjon!
Utmelding
08.04.2010

Frist for å melda seg ut frå tilbodet i kulturskulen er 15. mai.
Alle som er elevar beheld plassen sin til neste skuleår om han ikkje vert sagt opp.
Sjongleringskveld
08.04.2010

Torsdag 11. mars var 35 spente elevar samla i gymsalen på Rimbareid skule. Me fekk besøk av 2 karar frå sjongleringsgruppa "Flaks". Dei skulle læra oss litt av kvart om sjonglering.
Tid for å søkja plass i kulturskulen
04.03.2010
Det er no tid for å søkje plass i kuturskulen.
Me vil frå hausten kunne tilby undervisning i tverrfløyte, piano, gitar, song, slagverk, dans, messinginstrument (aspirantopplæring til skulekorpset) samt tilbod i tilrettelagt undervisning for elevar med særsklide behov.
Minnar om at dei som er elevar i kulturskulen ikkje treng og søkja.
Søknadsskjema er å finna i kundetorget samt i resepasjonane ved alle skular. Ein kan også søkja elektronisk :https://kommune24-7.no/Prompt.aspx?eDocumentTemplateID=82913d59-4026-4821-ab09-62c0d6056619&SubscriberConsumerID=16ffe45e-e906-4d8b-aba0-10baf63e0b4f
(Dette er felles søknadsskjema med Stord kulturskule)
Søknadsfrist er 1. april.
Koseleg konsert i foajen
01.03.2010

13 jenter var i sving under konserten i foajeen torsdag kveld. Me fekk høyra eit variert og fint program.
Vil du lesa meir om konserten,
klikk her:
http://www.fitjarposten.no/artikkel/4880_mange-musikalske-jenter
Foajekonsert
08.02.2010

Torsdag 18. februar vert det foajekonsert i kultur og idrettsbygget kl. 18.00. Det vert variert program med elevar på song, gitar, piano og tverrfløyte.
Velkomen til konsert!
Auka elevbetaling
21.01.2010
Fitjar kommunestyre vedtok på møte 16.12.2009 å auke elevbetalinga i Fitjar kulturskule, gjeldande frå 01.01.2010.
Ny pris for undervisninga vert kr 2160.- pr.år.Faktura vert sendt ut 2 gangar i året og er da på kr 1080.- (februar/september)
Moderasjon for sysken/fleire elevplassar vert:
Moderasjon barn/aktivitet 2: kr 756 (minus 30%)
Moderasjon barn/aktivitet 3 eller fleire: kr 540 (minus 50%.)
Flott advenyskonsert
22.01.2010
Kulturskulen hadde torsdag 3. desember ein flott og variert konsert i kultursalen i kultur og idrettsbygget. Fitjar skulekorps og Fitjar barnegospel var inviterte gjestar. Salen var så godt som fullsett - vil du lesa meir om konseten gå inn på:http://www.fitjarposten.no/artikkel/4563_stjernene-skein
Pensjonistkonsert
03.12.2009
Torsdag 10. desember kl.11.00 i foajen, Fitjar kultur og idrettsbygg.
Fitjar kulturskule inviterar alle pensjonistar, besteforeldre og elles alle som har tid og lyst til å koma på ein koseleg førjulskonsert. Elevane vil spela og synga julamusikk, det vert også tid allsong av kjente og kjære julasongar. Kulturskulen serverer kaffi og litt og bita i. Hjarteleg velkomen til konsert!
Fri entrè!
Adventskonsert
26.11.2009

Torsdag 3. desember kl. 18.00 vert det adventskonsert i kultursalen i Fitjar kultur og idrettsbygg. I år har kulturskulen invitert med seg Fitjar barnegospel, det skal bli kjekt å høyra dei. I tillegg får me høyra Fitjar skulekorps og elevar på gitar, song, piano og tverrfløyte. Programet vil bli variert og flott. Hjarteleg velkomen til konsert!
Fløytespel på Øvrebygda skule
29.10.2009
Øvrebygda skule og kulturskulen samarbeider også dette skuleåret om undervisning i "mini-tverrfløyter". Det er 3. og 4. trinnet som er med i prosjektet. Prosjektet vert leia av fløytepedagog Anne Lene Østvold Jordåen. Vil du lesa meir om prosjektet:
http://www.fitjarposten.no/artikkel/4332_svingande-floytespel
Musikkleik i barnehagane
22.10.2009

Kulturskulen og alle barnehagane samarbeidar om eit spanande prosjekt dette skuleåret. Barnehagane er inndelt i grupper og alle gruppene får undervisning i det me har kalla "Musikkleik". Lærarane for musikkleiken er Orlaug Evensen og Anne Lene Østvold Jordåen. Vil du lesa meir om dette prosjektet gå inn på: http://www.fitjarposten.no/artikkel/4333_alt-kan-bli-til-musikk
Kjekk konsert i foajeen
19.10.2009
Torsdag 15. oktober var det elevkonsert i foajeen i kultur og idrettsbygget. Heile 28 av kulturskulen sine elevar var i sving - kjempebra! Me fekk høyra eit variert og flott program. Vil du lesa meir om konserten gå inn på: http://www.fitjarposten.no/artikkel/4328_lang,-kjekk-og-variert-foajekonsert
Foto:Helga Rimmereid
Haustens første konsert
01.10.2009
Skule
året er allereie godt i gang og elevane arbeidar godt.
Det er difor klart for konsert torsdag 15. oktober kl. 18.00 i foajeen i kultur og idrettsbygget.
På konserten vil me få høyra elevar på song, piano, gitar og tverrfløyte.
Alle er hjarteleg velkomne - konserten er gratis!
Ikkje danseundervisning
17.08.2009
Den planlagte danseundervisninga kjem diverre ikkje i gang no i haust. Kulturskulen har ikkje lukkast i å skaffa lærar i tilbodet og undervisninga kan difor ikkje starte opp.
Kulturskulen jaktar på lærar og håpar å få tilbodet i gang i løp av skuleåret.
Oppstart av skuleåret 2009/2010
05.08.2009

Kulturskulen startar opp med felles informasjonsmøte for alle elevar på gitar, song, piano og tverrfløyte tysdag 18. august kl. 17.00 i kultursalen i Kultur og idrettsbygget. Her vert det litt informasjon frå rektor og så vil kvar lærar leggja fram timeplanen for sine elevar.
Allle som går i Fitjar skulekorps, både nye og gamle, vil få informasjon frå styret i skulekorpset om korleis oppstarten av skuleåret skal vera.
Velkomen til eit nytt og kjekt skuleår i Fitjar kulturskule.
God sommar
17.06.2009

Kulturskulen tek ferie frå måndag 22. juni. Ynskjer ein kontakt med kulturskulen i løp av ferien, send ein e-post til anle@fitjar.kommune.no, rektor les e-postane med jamne mellomrom.
God sommar til alle!
Opptak av nye elvar
11.06.2009
Opptaket av nye elvar er no gjort, og dei heldige får brev tilsendt i posten. Diverre er det mange som vert ståandes på venteliste, særleg mange på gitar. Dette er berre å beklaga.
Etter planen skal kulturskulen starte opp med dansundervisning i august, mange elevar har søkt og alle har fått plass. Problemet er at me ikkje har klart å få tak i lærar ennå. Kulturskulen arbeider med dette og håpar det vil løysast til skulestart. Dei elevane dette gjeld vil få skriftleg informasjon i august om kva som skjer.
Flott sommarkonsert
03.06.2009
Torsdag 28. mai hadde kulturskulen ein flott sommarkonsert i kultursalen. Me fekk høyra eit variert og kjekt program. Vil du lese meir om konserten kan du gjera det her: http://www.fitjarposten.no/artikkel/3819_flott-sommarkonsert
106 ynskjer plass til hausten
25.05.2009
Heile 106 barn og unge står no på venteliste for å få plass i kulturskulen. Det er ny rekord! Det er svært gledeleg at så mange ynkjer å få undervisning i musikk og dans. Opptaket av nye elevar vert gjort i starten av juni og alle skal få melding før skuleferien om dei har fått plass eller ikkje.
Sommarkonsert
13.05.2009
Torsdag 28. mai vert det flott sommarkonsert i kultursalen. Fitjar skulekorps og elevar på song, piano, fløyte, kornett og gitar spelar og syng. Ei fløytegruppe frå Øvrebygda skule skal også vera med.
Velkomen til konsert torsdag 28. mai kl. 18.00 i kultursalen, Fitjar kultur og idrettsbygg!!
Konsert i barnehagane
27.04.2009
Torsdag 23. april var Orlaug og Anne Lene på konsertbesøk i alle barnehagane i kommunen. Tema for konserten var vår, difor hadde damene kledd seg ut som søte sommarfuglar. På programmet stod mellom anna den kjende "Humlens flukt" og dikt av Inger Hagerup. Mikkel rev i "klassisk" forkleding (N. H. Aasheim)for firhendig piano blei også godt mottatt. Ungane konsete seg - nokre meinte til og med at det var litt skummelt........
Lærarane i kulturskulen håpar på å kunne gjennomføra eit lignande opplegg neste skuleår også!
Vil du les meir, sjå artikkel i Fitjarposten: http://www.fitjarposten.no/artikkel/3675_-sommarfuglebesok
Dans i kulturskulen
17.04.2009
Fitjar kulturskule skal starte opp med undervisning i dans (jazz/street dans) ved skulestart i august. Det vert undervisning ein gong i veka og aldersdelte grupper. Det er framleis ledige plassar!
Flott innsats av Fitjar skulekorps
01.04.2009
Fitjar skulekorps deltok 29. mars i småkorpskonkurranse i Førde samfunnshus. Skulekorpset kom på ein flott 3. plass, men tok 1. plass i solistkonkurransen. Her var det Marthe Volden Nordfonn som var songsolist og ho framførte "Det vacraste" i lag med korpset.
Kulturskulen gratulerar så mykje og er stolte av skulekorpset!!
Vil du lesa meir om konkurransen, gå inn på:http://www.fitjarposten.no/artikkel/3582_henta-heim-pokalar
Tid for å søkja plass i kulturskulen
11.03.2009
Det er no tid for å søkja plass i Fitjar kulturskule for skuleåret 2009/2010. Kulturskulen har undervisning i song, gitar, tverrfløyte, piano, messinginstrument (aspirantopplæring til Fitjar skulekorps) og startar opp med nytt tilbod i dans frå skuleåret 2009/2010.
Søknadsfrist er 1. april.
Sjørøvarkonsert
28.01.2009
Torsdag 5. februar skal 12 av elevane i kulturskulen halda barnehagekonsertar. Alle barnehagane i kommunen er invitert til kjekk sjørøvarkonsert i folkebiblioteket. Konserten som tek til kl. 11.30 er også open for alle! På konserten vil Karvel Strømme fortelja ein sjørøvarhistorie eller to, tid til allsong vert det og.
Velkomen til konsert i biblioteket!
PAPIR
28.01.2009
Kulturskulen starta 2009 med å invitera kunstnaren/designaren Jørund Fjøsne til å gjennomføra eit kunstprosjet for elevane våre. Alle kulturskulen sine elevar som går på 5 og 6 trinn fekk tilbod om å vera med.
Ledige elevplass på tverrfløyte
05.01.2009
Kulturskulen har ledig ein elevplass på tverrfløyte frå januar 2009. Undervisninga er lagt til onsdagar, rett etter skuletid. Kulturskulen har instrument som elevane leiger. Ta kontakt med rektor og fløytelærar Anne Lene Østvold Jordåen tlf. 53458553 for meir informasjon og påmelding.
Snart jul!
17.12.2008
Hei alle saman!
Kulturskulen har hatt eit flott år og me kan sjå tilbake på mange fine konsertar og andre arrangement. Nedanfor kan de sjå nokre glimt frå året som har gått!
Fitjar kulturskule ynskjer alle ei fredeleg jul og alt vel i det nye året!
Alle foto: Helga Rimmereid
Konsert for pensjonistar
23.11.2008
Onsdag 3. desember kl. 11.00 vert det konsert for pensjonistar , besteforeldre og alle andre! Elevar frå kulturskulen spelar og syng. Det vert allsong, kaffi og litt å bita i. Velkomen til foajeen i kultur og idrettsbygget!
Flott adventskonsert
23.11.2008
Kulturskulen hadde ein flott konsert torsdag kveld - mykje folk og god stemning.
Adventskonsert
05.11.2008
Torsdag 20. november vert det flott adventskonsert i kultursalen i Fitjar kultur og idrettsbygg. På konserten får me høyre Fitjar skulekorps, elevar på song, piano, gitar og fløyte. I tillegg kjem og ei gruppe elevar frå Øvrebygda skule.
Velkomen til konsert kl. 18.00!
Bill. kr 30 for vaksne og gratis for alle born.
Aktivitetar hausten 2008
22.10.2008
Skuleåret er godt i gang og me har allereie hatt ein flott konsert. Det er kjekt å sjå at elevane er ivrige og øver godt.
Kulturskulen skal ha konsert torsdag 20. november kl. 18.00 i kultursalen i kultur og idrettsbygget. Her skal me få høyra skulekorpset, ei fløytegruppe frå Øvrebygda skule og elles solo elevar og grupper.
Onsdag 3. desember vert det formiddagskonsert kl. 11.00 for besteforeldre og pensjonistar (og elles andre som har lyst....), her vert det i tillegg allsong og kaffi og litt å bita i. Denne konserten er i foajeen i kultur og idrettsbygget.
Fitjar skulekorps har også ein aktiv haust og neste konsert for dei vert på skulekorpset sin årsfest fredag 7. november. Her skal me også få høyra dei nye aspirantane.
Nokre elevar skal også spela for kommunestyret før jul og etter jul vert det "sjørøvarkonsert" for alle barnehageungane i biblioteket. Det er berre å gle seg!
Triveleg foajekonsert
22.10.2008
Torsdag 2. oktober hadde 20 av elevane i kulturskulen konsert for forldre, besteboreldre og vener. Det var ein kjekk og variert konsert.
Foajekonsert
29.09.2008
Torsdag 2. oktober kl. 18.00 vert det konsert i foajeen i kultur og idrettsbygget. Elevane har arbeidd godt etter sommarferien og er no klar med sin fyrste konsert i dette skuleåret. Programmet vert variert og kjekt og me skal mellom anna få høyra dei nye fløyte-elevane spela. Vel møtt til konsert!
Mini tverrfløyter
22.09.2008
Øvrebygda skule og kulturskulen har starta eit samarbeidsprosjekt der alle elvar på 3. trinn får opplæring i mini tverrfløyter.
Elevar med eigen CD
18.08.2008
Tre av songelevane har fått hjelp til å laga ein flott CD. Det er lærar Kjell Saue som står bak prosjektet.
Oppstart av nytt skuleår
04.08.2008
Kulturskulen startar opp måndag 18. august. Det vert felles informasjonsmøte denne dagen kl. 17.00 i kultursalen i Fitjarkultur og idrettsbygg. Vanleg undervisning tek til frå tysdag 19. august. Vel møtt!
GOD SOMMAR
16.06.2008
Kulturskulen vil ynskja alle elvar og føresette ein fin sommar!
Me startar opp igjen måndag 18. august med felles møte i kultursalen kl. 17.30. Vanleg undervisning tek til tysdag 19. august.
Flott sommarkonsert
04.06.2008
Årets sommarkonsert gjekk av stabelen torsdag 29. mai i kultursalen i kultur og idrettsbygget. Skulekorpset starta med å spela tre fengande melodiar, dirigert av Svein Roger Koppang. Etterpå var det ei avdeling med elevar på piano, gitar og song. Me fekk høyra mange flotte pianostykker, ekstra kjekt å høyra fleire pianoelevar i sving samstundes. Songelevane song kjente songar, Think Twice, Fly me to the moon og Fly with me. Argentinsk dans og Norwegian Wood var bidraget frå gitarelevane, flott! Til slutt i programmet spela Fitjar musikklag.
Sommarkonsert
07.05.2008
Torsdag 29. mai vert det sommarkonsert i kultursalen i kultur og idrettsbygget kl. 18.00. Programmet er variert og kjekt. Me skal få høyra elevar på song, gitar og piano, Fitjar skulekorps, dei danseglade jentene om deltok på danseprosjekt i vinter og til sist har me invitert med oss Fitjar musikklag. Velkomen til ein flott sommarkonsert.
Mange har søkt om plass i kulturskulen
28.04.2008
Veldig mange har søkt om plass i kulturskulen for skuleåret 2008/2009. Me er i dag oppe i 67 søkjarar, 10 av desse har søkt på tilbod som dei må til Stord kulturskule for å få (gjeld dei som har søkt på slagverk, fiolin og dans). Det er gitar som er mest populært, med heile 23 søkjarar, elles fordelar søkjarane seg jevnt over på dei andre instrumenta.
Marknad i Øvrebygda
14.04.2008
Onsdag 9. april hadde Fitjar skulekorps sin årlege marknad. Gymsalen var stappfull av folk og stemninga var topp.
Flott konsert i foajeen!
14.04.2008
Torsdag 10. april var det flott konsert i foajeen i kultur og idrettsbygget. Mange kom for å høyra, så mange at nokon måtte stå på gangen.
Danseprosjektet!
03.03.2008
Danseprosjektet er i full gang og 20 ivrige jenter hadde 2 økter i sist veke og skal møtast til 2 økter i denne veka!
UKM
13.02.2008
To av kulturskulen sine elevar deltok i UKM, som vart arrangert på Fitjar, laurdag 2. februar. Det var Audun A. Mehammer og Johanne F. Brekke, dei song flott begge to!. Johanne vart også plukka ut til å representera Fitjar under fylkesmønstringa i Bergen i mars. Gratulerar og lykke til vidare!!!!
Nytt tilbod i kulturskulen
30.01.2008
Kulturskulen skal i august starta opp med undervisning i tverrfløyte. Lærar her vert Anne Lene Østvold Jordåen. Ho er utdanna fløytist og arbeider som rektor i kulturskulen på Fitjar. Anne Lene underviser også i tverrfløyte ved Stord kulturskule. Fitjar kulturskule har fløyter til utleige. Søknadsfrist er 1.april. Denne fristen gjeld også alle andre tilbod i kulturskulen.
Trollete konsert på biblioteket.
28.01.2008
Fredag 25. januar hadde 17 elevar frå kulturskulen heile 3 trollkonsertar på biblioteket. Alle barnehagane i kommunen var inviterte.
Troll i biblioteket
09.01.2008
Fredag 25. januar inviterar Fitjar folkebibliotek og kulturskulen til troll konsert i biblioteket.
Danseprosjekt
12.12.2007
Kulturskulen inviterar med dette alle elevar på 5-7 trinn til å bli med på danseprosjekt, vinter 2008.
Flott adventskonsert
06.12.2007
Torsdag 29. november hadde kulturskulen ein flott adventskonsert i kultursalen i Kultur og idrettsbygget.
Besteforeldre og pensjonist konsert
29.11.2007
Onsdag 5. desember kl.11.00 vert det konsert i foajeen i kultur og idrettsbygget. Konserten er retta mot besteforeldre og pensjonistar, men alle er sjølvsagt velkomne!
Adventskonsert 29. november
21.11.2007
Fitjar kulturskule inviterar til adventskonsert torsdag 29.11 kl. 18.00 i kultursalen i Fitjar kultur og idrettsbygg.
Elevkonserten 18. oktober.
31.10.2007
Torsdag 18. oktober hadde kulturskulen sin fyrste elevkonsert dette skuleåret i foajeen i kultur og idrettsbygget. Det var ein kort og koseleg konsert.
Aktivitetar hausten 2007
26.09.2007
Me skal ha fleire kjekke konsertar i haust. Det er og under planlegging ein konsert for barnehagane i kommunen og ein for besteforeldre/pensjonistar.
