Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Om Fitjar

Fitjar

Fitjar er kjend som sogebygda i Sunnhordland og høvdingane her, "Fitjung-sonum", er nemnde i Håvamål, det eldste sogeskriftet i Noreg. I Fitjar har det levd folk heilt sidan den eldre steinalderen, men det finst berre få og usikre spor etter steinalderfolket i Fitjar. Arkeologane er visse på at det er mange steinalderbuplassar som enno ikkje er oppdaga. I 1997 blei det gjort funn nær Fitjarelvo og på kyrkjegarden som indikerer at arkeologane har rett.

Kopiar av enkeltfunn frå steinalderen og jernalderen er utstilt i monter på Rimbareid skule, like ved Rimsvarden. Her finn vi óg ein kopi av bronseøksa frå Kloster, ei av dei finaste bronseøksane i Skandinavia.

Historie og kultur

Foto: Jan Rabben

Håkon den Gode
Fitjungsønene var ei gamal storætt i Fitjar. Harald Hårfagre tok frå dei eigedomane og skipa kongsgard her. Han budde mykje på kongsgarden på Fitjar, det same gjorde også sonen Håkon den Gode.

Soga fortel at Håkon var i veitsla (gjestebod) på kongsgarden då brorsønene hans, Eiriksønene, gjekk til åtak. Slaget på Fitjar er tema for Håkonarspelet, "Kongen med Gullhjelmen", eit historisk spel som hadde urpremiere i Håkonarparken i august 1997.

Midt i sentrum ligg Håkonarparken med statuen av Håkon den Gode. Statuen er laga av bilethoggaren Anne Grimdalen og avduka av kong Olav i 1961 under 1000-års jubileet for slaget på Fitjar.

I tida etter år 1000 høyrer me mindre om Fitjar når det gjeld store rikspolitiske hendingar. Maktsentra vart flytta frå kongsgardane til byane. Mykje av gardane vart i mellomalderen kloster- og kyrkjegods, før bøndene igjen vart sjølveigarar.

Utover 1600- talet var det handels- og gjestgjevarstaden Engesund i Fitjar-øyane som var "sentrum". Her var det mellom anna tingstad for Vaag skipreide. I 1650 vart den einaste hekseprosessen i Sunnhordland ført der.

Først då Fitjar vart eigen kommune i 1860-åra og dampskipstrafikken byrja, kom ein attende til noverande Fitjar sentrum.

Kultur

 

Kultur og idrettsbygget
Fitjar har eit fargerikt og variert kultur- og organisasjonsliv. Fitjar Idrettslag er det største laget i bygda. Me har ein flott, ny idrettspark, og vinter 2001 opna me idrettsdelen i det nye kultur og idrettsbygget. Me vonar at det ikkje skal gå altfor lang tid før kulturdelen kan takast i bruk. Målet er å skapa eit allsidig og godt kultur- og idrettsbygg for den einskilde innbyggjar, lag og organisasjonar, næringsliv og nyetableringar - samt skular og institusjonar. Allereie no har ein eit bygg som gjev ei god ramme for trening og konkurransar, stemner og møter - eller utstillingar og messer.

Idrettsparken
Fitjar idrettspark ligg om lag 1 km nordover frå Fitjar sentrum med innkøyring frå riksveg 545. Anlegget er i ferd med å bli utbygd til ein komplett , topp moderne fotball- og friidrettsarena med internasjonale mål. Grasbane vart teken i bruk i 1990, og i 1998 fekk anlegget nytt klubbhus og garderobeanlegg. I tillegg til dei flotte tilhøva for fotball og friidrett, har idrettsparken óg anlegg for handball og tennis.

Me har óg eit rikt og mangfaldig song- og musikkliv, og revytradisjonane står sterkt. Representantar frå Fitjar har m.a. gjort stor suksess på revyfestivalen på Høylandet.

 

Fitjar kyrkje
Kyrkja og det kristne arbeidet står sterkt i bygda. Kyrkja ligg vakkert til attmed Håkonarparken, midt i Fitjar sentrum. Fram til 1866 stod her ei steinkyrkje frå 1100 talet. Stein frå den gamle Fitjar-kyrkja finn ein att i steingarden rundt kyrkjegarden. Litt av inventaret er óg teke vare på.

Bibliotek
Midt i sentrum ligg det nye biblioteket vårt. Etter at biblioteket har starta med videoutleige og fått dataterminalar knytt til Internett, har aktiviteten auka og ein har fått kontakt med nye brukargrupper. Biblioteket blir óg nytta som arena for utstillingar og kulturkveldar.

Oppstadveven
Oppstadveven, eller oppstadgogna som den gjerne blir kalla, er den eldste vevstolen ein kjenner til. Den fekk truleg si form i Litle-Asia for mange tusen år sidan. Mellom anna skal det finnast bilete av same slags vev som den Berta Liabø brukar (sjå under), på 2500 år gamle vasemåleri frå Hellas.

Soga om oppstadveven er eit viktig stykke kvinnehistorie. Utan flittige kvinner ved vevstolane, kom ikkje karane på sjøen. Segla var det nemleg kvinnene som vov. I dag er det mest åkle, fargerike teppe som før vart brukt til sengeteppe, som vert vove på denne måten.

Berta Liarbø held eit unikt handverk i hevd. Ho har gjort ein bevisst innsats for å hindra at dette eldgamle handverket skulle døy ut. Ho har halde kurs i veving på oppstadvev, og ho har og demonstrert denne vevemåten på fleire museum m.a. på Maihaugen. I tillegg tek ho vare på og brukar eldgamle mønster i dei teppa ho laga. Det er laga ein film om Berta og oppstadveven, "Veving på oppstadgogn i sør-Noreg, tradisjonsberaren Berta Liarbø". I 1994 var dronning Sonja på vitjing. Berta Liarbø vart nyleg tildelt kongens fortenestemedalje for sin innsats for dette handverket.

Smedholmen


Smedholmen er ei lita låglendt øy, kledd med bjørk og lyng. Her ligg eit typisk vestlandssmåbruk. Einar Matre og Terje Skorpen driv her Smedholmen kyst og naturlivsskule etter ein grunntanke der personleg kontakt, fellesskap, tradisjonelt handverk og godt sjømannskap er viktigast. Eit opphald på Smedholmen er avslappande, men aktiv ferie. Åtte eldre båtar, seglskuta "Seladon" og eit gamalt vestnorsk bygningsmiljø utgjer Smedholmen - i tillegg til to personar som har arbeidd med den gamle kystkulturen i over 20 år. Dei som ynskjer å formidla denne kysttradisjonen vidare til komande generasjonar. Einar Matre og Terje Skorpen arrangerer seglturar med S/K "Seladon" og skreddarsyr gjerne turar for bedrifter, lag, skular og andre grupper, mellom anna ferieseilasar. Elles tilbyr dei innføring i navigasjon, seglteori, meteorologi, lokalhistorie, sjømannskap, seglsying, tauverk, knop og stikk. Kontakt: Smedholmen, 5419 FITJAR, mob. 90894857 - 90048311, epost. smedholmen@haugnett.no  og post@smedholmen.com, internett: http://www.smedholmen.com.

Årskog museum
Årskog museum er ein gamal vestlandsgard som brørne Lars og Olai Årskog testamenterte til Fitjar kommune i 1980. Garden har vore i same slekta i om lag 400 år. Ned mot sjøen ligg eit verdifullt kulturlandskap med rydningsrøysar og steingard, gardstun og naust som viser kombinasjonen jordbruk og fiske som var vanleg i kyst-Noreg.

Stovehuset representerer den vanlege hustypen i bygda frå om lag 1850 til 1950. Stabburet er flytta frå Hovstad til Årskog etter at garden vart museum. Låven er stavbygd og er truleg frå frå garden vart delt i 1841. Seinare har ein modernisert med køyrebru og silo. Naustet er nemnt i 1794 men kan vera mykje eldre. Her er båtar og fiskereiskap. Museet har óg ei unik samling av tekstilar. Samlinga viser klede som vart nytta av familien både til kvardag og fest gjennom 100 år.

Årskog museum er ope kvar søndag ettermiddag frå ca. 20. juni til ca 20. august.

Fitjarøyane og fjellheimen


Fitjarøyane er unike i landssamanheng og utgjer ein ressurs for kommunen.Området vart føreslått som nasjonalpark på grunn av sitt særeigne lyngheilandskap. Fitjar består av eit mylder av øyar og skjer med grunne sund og renner imellom. Tradisjonsrike skipsleier går gjennom området, med fleire handelsstader med tradisjon attende til 1648. Fitjarøyane er svært attraktive som båtutfartsområde.

Fitjar har også ein fjellheim som er lett tilgjengeleg, og som representerer gode høve til rekreasjon på fritida.

Organisasjon og næringsliv

Kommunen har eit rikt og variert kultur- og organisasjonsliv. Nytt idrettsanlegg, nytt kultur- og idrettsbygg, vidaregåande skule og godt utbygde skule- og helsetenester.

Fiske og jordbruk har vore Fitjar si hovudnæring i alle år - både til sjølvbruk og for vidare sal. Med enkle seglbåtar tok fitjarbuen ut til Bergen med poteter, og framleis er Fitjarpoteta eit ord som kling godt i øyra til eldre bergensarar - og andre som dei seinare åra har kunna handla denne vara på Torgdagane i Bergen. Etterkvart har industrien kome meir og meir. Storbedrifta Aker Stord har og for fitjarbuen vore ein hjørnesteinsbedrift og gjeve verdfulle arbeidsplassar til bygda nord på øya og.

Men Fitjar har og sitt eige næringsliv som i dag verkeleg har fått vind i segla. Skipsingeniørfirmaet Vik-Sandvik Group, Sjøtroll Havbruk, avdeling Fitjar Laks og Fitjar Mekaniske Verkstad AS er eksempel på det.

Fitjar er, saman med Stord, med i omstillingsprogrammet SNU.

Liv og røre

Fitjar har eit aktivt teater- og revymiljø. På forsommaren mai/juni vert det spela revy i teltet ved hotellet.

Innekampar og trening foregår i kultur- og idrettsbygget parallelt med ferieklubben.

Mange hytte og båteigarar nyt ferien i det vakre Fitjar-arkipelaget og avlegg ofte forretningane i Fitjar sentrum eit besøk for å ordne med nye forsyningar, eller helse på fastbuande eller andre feriegjester.

Kommunikasjonar

 

Fitjar ligg sentralt til med kort veg til Stord, Bergen og Haugesund. Frå Fitjar sentrum er det ca. 7 km til ferjestaden Sandvikvåg med ferje til Halhjem / Bergen kvar halve time.

Reisetid til Haugesund gjennom den nyopna Bømlafjordtunnellen er no ca 1 time.

Dessutan er det berre ca 20 min. til Stord Lufthamn som har flyforbindelse til Oslo 4 gongar dagleg.

Kontakt oss