Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Tilsyn

Brannvesenet kjem på tilsyn

 

I følgje forskrift om feiing og tilsyn med fyringsanlegg, skal me no gå på tilsyn til din bustad. Føremålet med dette er å redusera brannfaren gjennom å informera om gjeldande forskrifter om fyringsanlegg, og gje informasjon om branntryggleiken i bustaden.

 

Gjennom felles innsats kan brannvesenet og husstanden forbyggje og motverka at branntilløp og andre farlege situasjonar oppstår.

 

Det vil bli utført tilsyn av fyringsanlegg i din bustad (ikkje feiing).

 

Tilsynet vil vara i omlag 15-20 minutter.

 

Hugs:

  • Me må ha tilgjenge til heile bustaden, òg leiligheiter og loft
  • Vær venleg og ikkje fyr den dagen me kjem
  • Heile fyringsanlegget må vera lett tilgjengeleg (omnar, skorstein og feieluker)
  • Me tek atterhald om sjukdom og brannvesenet sine utrykkingar
Kontakt oss