Verjemål
Beskrivelse
Formålet med bruk av verje er å verne og hjelpe personar som ikkje kan ta vare på sine rettslege og økonomiske interesser godt nok. Den som blir umyndiggjord, skal ha verje. I andre tilfelle enn ved umyndiggjering blir det oppnemnt ein hjelpeverje. Mandatet til hjelpeverjen skal vere avgrensa til det den myndige ikkje klarer sjølv.
Overformynderiet i kvar kommune oppnemner og fører tilsyn med verjen og styrer midlane til den umyndige dersom dei overstig kr 75 000. Midlar under kr 75 000 blir styrd av verjen når ikkje anna er bestemt. Fullmaktsområdet til ein hjelpeverje blir fastsett ved oppnemninga. Det skal ikkje gjerast meir omfattande enn det som er nødvendig.
Målgruppe
Mindreårige, umyndiggjorde og myndige personar som på grunn av sinnsliding, andre psykiske vanskar, senil demens, psykisk utviklingshemming eller lekamleg funksjonshemming ikkje kan ta hand om oppgåvene sine.
Vilkår
Den som har foreldreansvaret, er automatisk verje for mindreårige. For umyndiggjorde blir det oppnemnd verje i samband med umyndiggjeringsaka. For å få oppnemnd hjelpeverje må følgjande vere med:
- krav om oppnemning frå til dømes nære pårørande eller ansvarshavande lege eller tilsynslege ved institusjon der vedkomande er innlagd.
- tilfredsstillande legefråsegn om at vedkomande på grunn av sinnsliding, andre psykiske vanskar, senil demens, psykisk utviklingshemming eller lekamleg funksjonshemming ikkje kan ta hand om oppgåvene sine.
- samtykke frå den som skal ha oppnemnd hjelpeverje dersom det ikkje går fram av legefråsegna at innhenting av samtykke er umogleg eller av særlege grunnar utilrådeleg.
Lover
Klage
- Dersom du ikkje er nøgd med avgjerda i verjemålssaker, til dømes når det gjeld utnemning av verje, kan klage på vedtaket sendast innan ein frist på tre veker frå vedtaket vart motteke.
- Klaga skal sendast til den instansen som har fatta vedtaket.
- I klaga skal ein oppgi kva ein ønskjer endra i vedtaket og ei grunngjeving for dette. Kommunen vil hjelpe til med å skrive klaga.
- Har Fylkesmannen fatta avgjerda i første instans, vil Justisdepartementet vere klageinstans.