Vaksinar
Beskrivelse
Kommunehelsetenesta har plikt til å tilby vaksinasjon mot smittsame sjukdomar. I tenesta inngår:
- Barnevaksinasjon til alle born i før- og grunnskulealder.
- Reisevaksinasjon og rådgiving før utanlandsreiser.
- Årleg sesonginfluensavaksinasjon til personar som er særleg utsette.
Målgruppe
Innbyggjarane i kommunen. Nokre vaksinar blir i første rekkje gitt til personar som er særleg utsette.
Vilkår
Nasjonalt folkehelseinstitutt fastset retningslinjene for kva for personar/grupper som skal få tilbod om dei ulike vaksinane:
- Barnevaksinasjon får ein på helsestasjonen og i skulehelsetenesta. Den startar vanlegvis når barnet er 3 månader gamalt og følgjer det nasjonale barnevaksinasjonsprogrammet.
- Tilbodet om reisevaksinasjon og råd om vaksinar før utanlandsreiser blir gitt av helsetenesta i kommunen. Type vaksine blir bestemt ut frå reisemål, smittesituasjon, kor lenge reisa varer, type reise, helsetilstand og tidlegare vaksinasjonsstatus.
Lover
Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. §§ 3-1 og 3-2
Smittevernloven §§ 7-1 og 7-2
Forskrift om nasjonalt vaksinasjonsprogram
Forskrift om kommunens helsefremmende og forebyggende arbeid i helsestasjons- og skolehelsetjeneste
Klage
Har du søkt helsehjelp frå kommunen, kan du klage på avgjerda (etter kommunehelsetjenesteloven):
- Fristen for å klage er tre veker frå du tok imot vedtaket.
- I klaga forklarar du kva du ønskjer endra og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar.
- Dersom vedtaket ikkje blir endra, kan du klage til Helsetilsynet i fylket.
Du kan også klage på sjølve utføringa av helsetenesta du får (etter pasientrettighetsloven):
- Send klaga til den instansen som yter tenesta, slik at ein har høve til å løyse saka på lågaste nivå.
- Dersom klaga blir avvist, eller kommunen meiner at rettane dine er oppfylte, kan du klage til Helsetilsynet i fylket.