Utsleppsløyve
Beskrivelse
Eigar pliktar å søkje den kommunale forureiningsetaten om løyve til utslepp av avløpsvatn frå bustadhus, hytter, turistbedrifter og liknande med utslepp mindre enn 50 pe (personekvivalentar). Søknadsplikta gjeld så snart det er innlagt vatn.
Med avløpsvatn forstår vi avløp frå vassklosett, kjøkken, bad og vaskerom (sanitært avløpsvann).
Med innlagt vatn forstår vi vatn frå vassverk, brønn og cisterneanlegg som blir ført innandørs gjennom leidning.
Med gråvatn forstår vi avløp frå kjøkken, bad og vaskerom. Klosettavløp blir ikkje rekna som gråvatn.
Målgruppe
Dei som bur i og er brukarar av bustader, institusjonar, campingplassar, hotell, næringsbygg og fritidsbustader som ikkje kan tilknytast offentleg avløpsanlegg.
Vilkår
Standardvilkåra framgår av forureiningsforskrifta. Vilkår kan også framgå av løyvet. Eigaren av avløpsanlegget er ansvarleg for drift og vedlikehald etter forskrifta.
Kommunen kan kontrollere at anlegget er lokalisert, bygd og drive i samsvar med vilkår som framgår av løyvet.
Rettleiing
Kommunen gir rettleiing om vilkår, førundersøkingar og korleis du skal søkje om utsleppsløyve. Skriftleg søknad skal mellom anna innehalde desse opplysningane:
- om utsleppet skal etablerast og drivast i samsvar med krava i forureiningsforskrifta kap 12 eller om det blir søkt om fritak for krava
- plassering av avløpsanlegg og usleppstad på kart
- interesser som ein reknar med blir påvirka av etableringa
Partar og andre som i særleg grad vil bli påverka av saka, skal varslast om innhaldet i søknaden. Kopi av varselet skal sendast til kommunen. Eventuelle fråsegner skal leggjast ved søknaden.
Sakshandsaming
Fullstendig søknad om utsleppsløyve som er i samsvar med krava i forskrifta kap. 12, skal avgjerast av kommunen innan 6 veker. Dersom kommunen ikkje har avgjort saka innan fristen går ut, reknar ein løyvet som gitt dersom det ikkje er grunn til å tru at nokon av partane vil vere misnøgde med dette. Fullstendig søknad med krav som avvik frå forskrifta, skal avgjerast utan ugrunna opphald.
Kommunen kan under søknadsbehandlinga fastsetje krav som avvik frå forskrifta kap. 12 eller nekte etableringa av utsleppet. Når kommunen avgjer om det skal fastsetjast andre krav, skal det leggjast vekt på forureiningsmessige ulemper samanhalde med dei fordelar og ulemper som tiltaket elles vil medføre.
Klage
- Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
- I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
- Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.