Utsett skulestart
Beskrivelse
Dersom det etter sakkunnig vurdering er tvil om eit barn er kome langt nok i utviklinga si til å starte i skulen, har barnet rett til å utsetje skulestarten dersom foreldra krev det.
Prosedyre for søknad om utsett skulestart:
Borna blir observerte/vurderte:
- av føresette
- av personellet på skulen ved innskriving i skulen
- av lærarane på førskuledagane i skulen
- av barnehagen
- av helsestasjonen
Vilkår
PPT skal greie ut saka. Utfallet vil vere avhengig av fråsegnene til PPT.
Lover
Rettleiing
Føresette må sende eigen søknad med grunngjeving. Fagsjefen på skulen sender søknad til PPT som kjem med ei sakkunnig utgreiing. Einskildvedtak blir fatta av fagsjefen på skulen.
Dette skal følgje søknaden:
- Grunngjeving frå føresette.
- Eventuell annan dokumentasjon.
Søknadsfrist
20. februar.
Klage
- Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
- I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
- Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.