Tryggleiksalarm
Beskrivelse
Brukaren ber tryggleiksalarmen på seg for å kunne tilkalle hjelp i akutte situasjonar. Tryggleiksalarmen er knytta til ein vaktsentral, som formidlar kontakt vidare til heimesjukepleien. Vaktsentralen eller personellet i kommunen rykkjer ut heile døgnet dersom alarmen går.
Målgruppe
Eldre, funksjonshemma og andre som kan føle seg utrygge ved å bu åleine.
Vilkår
Den som får tildelt tryggleiksalarm, må av helsemessige grunnar ha ein høg risiko for å skade seg og som følge av det vere ute av stand til å tilkalle hjelp per telefon.
Lover
Tryggleiksalarm er ikkje ei lovpålagd teneste.
Rettleiing
Kommunen kan kontaktast for å få hjelp til å søkje om tryggleiksalarm, eller andre kan hjelpe deg dersom det er behov for det.
Dersom ein annan søkjer på vegne av deg, må vedkomande ha fullmakt.
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Sakshandsaming
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til dette, med opplysningar om når det er venta at vedtaket vil bli fatta.
Det vil bli fatta eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.
Klage
- Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket.
- I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
- Klageinstans er Fylkesmannen (dersom tenesta er gitt etter sosialtenestelova) eller kommunen si eiga klagenemnd. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket står fast, vil saka bli send til Fylkesmannen for klagebehandling.
- Det blir sendt tilbakemelding om utfallet av klagebehandlinga enten frå Fylkesmannen eller frå kommunen.