Transportteneste for funksjonshemma (TT-ordninga)
Beskrivelse
Transporttenesta skal gi funksjonshemma som er avhengige av dør-til-dør-transport, eit tilbod for at dei skal ha høve til å delta i aktivitetar i nærmiljøet på lik linje med andre. TT-ordninga skal berre brukast til lokale fritidsreiser, og ikkje til sjuketransport, legebesøk, reise til fysioterapeut eller andre reiser som blir dekte av folketrygda.
Målgruppe
Funksjonshemma
Vilkår
Personar som på grunn av si funksjonshemming vanskeleg kan nytte seg av det ordinære kollektivtilbodet i kommunen.
Rettleiing
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å skrive søknaden. Legefråsegn må følgje søknaden.
Dersom ein annan søkjer i din stad, må vedkomande ha fullmakt.
Sakshandsaming
- Det vil bli fatta eit vedtak. I vedtaket går det fram om tenesta er tildelt eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.
- Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, blir det sendt skriftleg svar om årsaka til dette, med opplysningar om det er sannsynleg at vedtaket vil bli fatta.
Klage
- Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
- I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
- Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.
Anna informasjon
På Hordaland fylkeskommune sine nettsider kan du lesa meir om ordninga, link til sida finn du her.