Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Tolketeneste for framandspråklege

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 15.10.2013

Du har rett til hjelp frå ein tolk dersom du ikkje har nok norskkunnskapar til å kommunisere med tilsette i kommunen. Det er kommunen som er ansvarleg for å bestille godkjend tolk. Tolken skal tolke på eit språk du forstår.

Familiemedlemmer, barn eller tilfeldige personar skal ikkje vere tolk for deg, med mindre ein akutt situasjon krev det.

Ulike typar tolking:

  • Frammøtetolking vil seie at tolken er til stades saman med deg. Dette gir best kommunikasjon og er den tilrådde tolkeforma.
  • Skjermtolking vil seie at tolken ikkje er til stades, men tolkar via skjerm.
  • Tolking per telefon bør helst berre brukast til enkle beskjedar og korte samtalar.
  • Omsetjing av dokument som attestar, vitnemål, informasjonsmateriale osv.

Målgruppe

  • Framandspråklege i kommunen med tolkebehov
  • Kommunetilsette i møte med framandspråklege som treng tolk

Lover

Utlendingslova § 81 (Utlendingen sin rett til å uttale seg)

Pasient- og brukarrettslova § 3-2 (Pasienten og brukaren sin rett til informasjon)

Pasient- og brukarrettslova § 3-5 (Forma på informasjonen)

Krisesenterlova § 3 (Individuell tilrettelegging av tilbod)

Straffeprosesslova § 304

Rettleiing

  • Gi beskjed til kommunen om at du treng tolk og kva språk du snakkar. Kommunen har ansvar for å bestille tolken.
  • Planlegg kva du ønskjer å seie i møte med dei kommunetilsette. Bruk korte setningar og ikkje sei så mykje om gongen. Då er det lettare for tolken å tolke på ein korrekt måte.
  • Alle spørsmål skal rettast til dei kommunetilsette og ikkje til tolken.

Klage

Er du misnøgd med at det ikkje blei brukt tolk i kommunikasjon med dei kommunetilsette, sender du ein klage til avdelinga du hadde møte med. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen klagen din vidare til Fylkesmannen.

Du kan også klage på korleis tolkinga gjekk føre seg. Det kan for eksempel vere mangelfull eller feilaktig tolking, at tolken blandar seg i kommunikasjonen på vegner av partane eller brot på teieplikta. Send klagen til Nasjonalt tolkeregister, postboks 8059 Dep., 0031 Oslo eller på e-post til ntreg@tolkeportalen.no. Du kan også klage via kommunen.

Kontakt oss