Hopp til innhold Hopp til søk

Opningstider rådhuset kl. 09 - 15 - telefon og epost til tilsette finn du her.

Fitjarvikjo med skyer over Fonno

Dagens bilde: Fitjarvikjo med skyer over Fonno

Foto: Svein Bårdsen

Send ditt blinkskot på: foto@fitjar.kommune.no

Tiltak utan ansvarsrett

Beskrivelse

Tiltak som krev søknad og løyve og som kan utførast av tiltakshavar (den som ønskjer tiltaket utført, til dømes eigaren av ein bustad eller hytte):

Mindre tiltak på utbygd eigedom som gjeld oppføring, endring, riving mv. (byggesaksforskrifta § 3-1)

  • Eit enkelt tilbygg der korkje samla bruksareal (BRA) eller utbygd areal (BYA) er over 50 m2. Tilbygget kan i tillegg vere underbygd med kjellar.
  • Ein enkelt frittliggjande bygning som ikkje skal brukast til husvære, og der korkje samla bruksareal (BRA) eller utbygd areal (BYA) er over 70 m2. Bygningen kan oppførast i inntil éin etasje og kan i tillegg vere underbygd med kjellar.
  • Bruksendring frå tilleggsdel til hovuddel innanfor ei brukseining.
  • Skilt- og reklameinnretning inntil 6,5 m2 montert på vegg, eller med høgde inntil 3,5 m og breidde inntil 1,5 m montert frittståande på terreng. Regelen omfattar ikkje plassering av slike skilt- og reklameinnretningar som kan utgjere ein fare for persontryggleiken og ikkje når fleire skal monterast på same stad eller på same fasade.
  • Antennesystem med høgde inntil 5,0 m. Regelen omfattar ikkje plassering av antennesystem som kan utgjere fare for persontryggleiken eller når fleire antennesystem skal plasserast på same stad eller på same fasade.

Unntak; Bygging av bad (våtrom) krev at eit godkjent foretak (firma) står som ansvarleg for gjennomføringa av arbeidet. Det vil seie at dersom det skal oppførast eit tilbygg med våtrom, krevst det bruk av ansvarleg foretak (byggesaksforskrifta § 2-2).

Bruksendring (byggesaksforskrifta § 2-1)

Bruksendring er søknadspliktig dersom

  • byggverk eller del av byggverk blir teke i bruk til eller blir tilrettelagt for anna enn det som følgjer av løyve eller lovleg etablert bruk,
  • endra bruk av byggverk eller del av byggverk kan påverke dei omsyn som skal ivaretakast i eller med heimel i plan- og bygningslova i høve til byggverket, tilhøyrande uteareal eller omgivnader, eller 
  • tilleggsdel blir teke i bruk til hovuddel eller omvendt.

Bruksendring omfattar også alt som heilt klart er blitt tilrettelagt til anna bruk enn det som framgår av søknaden. Det er den faktiske bruken som avgjer.

Målgruppe

Dei som planlegg mindre byggjetiltak på eigen eigedom.

Vilkår

Vilkår som gjeld tiltaket som skal utførast:

  • tiltaket må vere i samsvar med føresegnene i plan- og bygningslova om mellom anna estetikk og avstand til nabo
  • tiltaket må vere i samsvar med kommunale bygningsvedtekter, kommuneplan og eventuelt reguleringsplan.

Vilkår som gjelde søknadsprosessen:

  • Det skal kun søkjast på standardisert blankett. Elektroniske blankettar for utfylling finn du på nettsida til kommunen eller den kan hentast hjå kommunen.
  • Naboer og gjenbuarar skal varslast.

Rettleiing

Dersom det er tvil om tiltaket oppfyller krava for søknadsplikt, kan kommunen kontaktast for nærmare informasjon. Når arbeidet er ferdig, skal kommunen varslast, enten via telefon, brev eller e-post.

Det skal leggjast ved ei rekkje dokument. Omtale av disse finst i sjølve søknaden.

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Sakshandsaming

Saka skal behandlast av kommunen innan tre veker etter at søknad med alle nødvendige vedlegg er motteken.

Klage

  • Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
  • I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
  • Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
  • Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.

Turistinformasjon

Kamera

Kamera Sentrum Kamera Sjøsio

Nyheter

Kontakt kommunen

Fitjar kommune har eit areal på 145 km2 og ca. 3000  innbyggjarar.

Ordførar
Wenche Tislevoll (H)

Rådmann
Atle Tornes

Kommunenr. 1222
Organisasjonsnummer 944073310
Postadresse
Postboks 83, 5418 Fitjar
Telefonnr 53 45 85 00
Telefax nr 53 45 85 01
Teknisk vakt 95229950
Epost
fitjar@fitjar.kommune.no
Internett
www.fitjar.kommune.no