Hopp til innhold Hopp til søk

Opningstider rådhuset kl. 09 - 15 - SJÅ LEDIGE STILLINGAR HER

Dagens fangst på hytta i Bøkjeneset

Dagens bilde: Dagens fangst på hytta i Bøkjeneset

Foto: Arne Jacob

Send ditt blinkskot på: foto@fitjar.kommune.no

Tekniske hjelpemidler - utlån (Hjelpemiddelsentral)

Beskrivelse

Kommunen skal gjennom NAV Hjelpemiddelsentral gi tilgang til tekniske hjelpemiddel for å redusere praktiske problem i  kvardagen.

Døme på hjelpemiddel:

  • toalettforhøgning
  • toalettstol
  • rullestol
  • dusjkrakk
  • rullator

Målgruppe

Personar som av ulike årsaker har redusert funksjonsevne i ei kortare eller lengre periode.

Vilkår

Personen må bu eller opphalde seg i kommunen og ha nedsett funksjonsevne i ein kortare eller lengre periode.
 

Rettleiing

Når du eller nokon av dine nærmaste får behov for eit hjelpemiddel, tek du kontakt med kommunehelsetenesta der du bur.

Vanlegvis vil ergoterapeut, fysioterapeut, PP-tenesta eller legen din hjelpe deg med å søkje. Dersom du treng hjelpemiddel på arbeidsplassen, tek du kontakt med arbeidsgivaren eller bedriftshelsetenesta. Ditt lokale NAV-kontor kan også hjelpe til dersom du får arbeidsavklaringspengar.

Sakshandsaming

Dei fleste søknadene blir avgjorde innan ein månad. Maksimal behandlingstid er seks månader. Dersom hjelpemidlet finst på lager, tek det normalt to veker frå søknaden er behandla til hjelpemidlet kjem  til mottaket i kommunen. Dersom hjelpemidlet må tingast, kan det ta opp til fem veker.

NAV Hjelpemiddelsentral leverer hjelpemidla til mottaket i kommunen. Kommunen vil så levere hjelpemidlet heim til deg, ev. melde frå om kvar du sjølv kan hente det.

For enkelte hjelpemiddeltypar gjeld eigne saksbehandlings- og leveringstider.

Klage

Har du søkt helse- og omsorgstenester frå kommunen, kan du klage på avgjerda (etter pasient- og brukerrettighetsloven):

  • Fristen for å klage er fire veker frå du tok imot vedtaket.
  • I klaga beskriv du kva forhold du klagar på og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.
  • Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar.
  • Dersom vedtaket ikkje blir endra, kan du klage til Fylkesmannen.

Du kan også klage på sjølve utføringa av helsetenesta du får: 

  • Send klaga til den instansen som yter tenesta, slik at ein har høve til å løyse saka på lågaste nivå.
  • Dersom klaga blir avvist, eller kommunen meiner at rettane dine er oppfylte, kan du klage til Helsetilsynet i fylket.

Turistinformasjon

Kamera

Kamera Sentrum Kamera Sjøsio

Nyheter

Kontakt kommunen

Fitjar kommune har eit areal på 145 km2 og ca. 3000  innbyggjarar.

Ordførar
Wenche Tislevoll (H)

Rådmann
Atle Tornes

Kommunenr. 1222
Organisasjonsnummer 944073310
Postadresse
Postboks 83, 5418 Fitjar
Telefonnr 53 45 85 00
Telefax nr 53 45 85 01
Teknisk vakt 95229950
Epost
fitjar@fitjar.kommune.no
Internett
www.fitjar.kommune.no