Svangerskapsomsorg
Beskrivelse
Svangerskapskontroll på helsestasjonen (jordmorteneste) er først og fremst eit tilbod til gravide for å bidra til god helse under svangerskapet. Kommunen skal tilby helseundersøkingar, rådgiving, opplysingsverksemd samt samlivs- og foreldrerettleiing.
Jordmor kan også tilby prevensjonsrettleiing.
Målgruppe
Gravide.
Vilkår
Graviditet.
Lover
Dette er ei lovpålagd teneste.
Pasient- og brukerrettighetsloven
Rettleiing
Du treng ikkje å søkje om å få svangerskapskontroll. Du kan kontakte den helsestasjonen du soknar til for å bestille ein time.
Klage
- Dersom du meiner du ikkje mottek nødvendig helsehjelp frå kommunen, kan du etter kommunehelsetenestelova klage på dette til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket.
- I klaga må du gjere greie for dei forholda du klagar på. Du bør gjere greie for kva du ønskjer endra, og grunngi det. Kommunen kan gi deg rettleiing. Klaga skal sendast den instansen i kommunen som har behandla saka. Står kommunen si avgjerdsle ved lag, blir klaga send vidare til Helsetilsynet i fylket.
- Som mottakar av helsetenester kan du etter pasientrettlova også klage til Helsetilsynet på sjølve utføringa av tenesta. Klaga skal først sendast kommunen eller direkte til tenesteytaren, slik at saka kan løysast på lågaste nivå.
Anna informasjon
JORDMORTENESTA I FITJAR

Kontaktperson: Jordmor Annbjørg Stjern Tvedt Tlf nr. 53 45 86 09 / mobil nr 47 01 82 64 Måndag, Torsdag og annakvar Onsdag. e-post: antv@fitjar.kommune.no Adresse: Havnahuset, 5419 Fitjar
Ved behov for jordmor - legevaktsentralen 53 47 40 00, ev. jordmor ved fødeavd, Stord sjukehus, tlf. 53 49 10 70.
Jordmortenesta er ei obligatorisk teneste som sidan 1995 har vore lagt til helsestasjonen. Jordmor har ansvar for:
Det er ein 50% jordmorstilling i Fitjar kommune. Jordmor samarbeider med m.a. lege, fysioterapeut og helsesøster. Dei som er gravide går vanlegvis til kontroll hos jordmor og eigen lege etter eit fast program. Jordmor tek imot gravide til samtale, går på heimebesøk etter fødsel og er med på barselsgruppene. Jordmor kan og ta kontroll etter fødsel. Jordmor tar celleprøver av livmorhalsen ved rutinekontroll hos kvinner i alle aldre. Dette legg jordmor vekt på: Tiltak som fremjar god helse og naturleg utvikling av svangerskapet
Ta kontakt med jordmor dersom:
|