Støttekontakt
Beskrivelse
Støttekontakten tilbyr m.a. sosialt samvær etter behov og følgje (leiing) til ulike fritidsaktivitetar. Fritidstilbodet skal baserast på ønske, behov og føresetnader for kvar einskild brukar.
Tenesta kan organiserast på tre måtar
- individuell støttekontakt
- deltaking i ei aktivitetsgruppe
- individuelt tilbod i samarbeid med ein frivillig organisasjon
Målgruppe
Personar og familiar som har behov på grunn av funksjonshemming, alder eller sosiale problem.
Vilkår
Dei som ikkje kan ha omsorg for seg sjølv, eller som er heilt avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å greie gjeremåla i dagleglivet, har krav på støttekontakt.
Lover
Dette er ei lovpålagd, gratis teneste. Utgifter som støttekontakten har, skal ikkje belastast brukaren.
Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. kap. 3
Rettleiing
Kommunen kan kontaktast for å få hjelp til å søknaden.
Dersom ein annan søkjer i ditt namn, må vedkomande ha fullmakt.
Sakshandsaming
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal eit skriftleg svar om årsaka til dette liggje føre. Det skal opplysast om når ein reknar med at vedtaket vil bli fatta.
Det vil bli fatta eit vedtak. I vedtaket går det fram om tenesta er tildelt eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.
Klage
- Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
- I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
- Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.