Hopp til innhold Hopp til søk

Opningstider rådhuset kl. 09 - 15 - telefon og epost til tilsette finn du her.

Fitjarvikjo med skyer over Fonno

Dagens bilde: Fitjarvikjo med skyer over Fonno

Foto: Svein Bårdsen

Send ditt blinkskot på: foto@fitjar.kommune.no

Skulestart

Beskrivelse

Utgangspunktet er at borna startar i grunnskulen det kalenderåret dei fyller seks år. Skulen/kommunen vil sende brev til føresette som har barn som er opplæringspliktige. I brevet blir det opplyst om kvar ein skal møte, og tidspunktet for oppmøtet, og informert om kva slags rettar opplæringslova gir i samband med dette. Foreldra kan søkje om tidlegare eller utsett skulestart for eleven.

Målgruppe

  • Born som fyller seks år i kalenderåret
  • Born som har fått utsett skulestart frå året før
  • Foreldre som vil søkje om å få utsett skulestarten for barnet
  • Foreldre som vil søkje om tidlegare skulestart for barnet

Vilkår

Eleven har rett til utsett skulestart dersom det etter sakkunnig vurdering frå pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) er tvil om barnet har kome langt nok i utviklinga si til å starte på skulen. Utsett skulestart inneber skulestart det kalenderåret barnet fyller sju år.

Tidlegare skulestart inneber at barnet startar på skulen det kalenderåret barnet fyller fem år. For å få tidlegare skulestart må barnet fylle fem år innan 1. april. Det må liggje føre sakkunnig vurdering frå PPT.

Rettleiing

Du kan ta kontakt med kommunen for å få hjelp til å søkje om tidlegare eller utsett skulestart.

Du skal leggje ved sakkunnig fråsegn.

Sakshandsaming

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til dette, med opplysningar om når ein reknar med at vedtaket vil bli fatta.

For tidlegare og utsett skulestart: PP-tenesta vurderer utviklingsstatusen til barnet. PPT gir råd til kommunen, som fattar vedtak.

Klage

  • Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
  • I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
  • Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
  • Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.

Turistinformasjon

Kamera

Kamera Sentrum Kamera Sjøsio

Nyheter

Kontakt kommunen

Fitjar kommune har eit areal på 145 km2 og ca. 3000  innbyggjarar.

Ordførar
Wenche Tislevoll (H)

Rådmann
Atle Tornes

Kommunenr. 1222
Organisasjonsnummer 944073310
Postadresse
Postboks 83, 5418 Fitjar
Telefonnr 53 45 85 00
Telefax nr 53 45 85 01
Teknisk vakt 95229950
Epost
fitjar@fitjar.kommune.no
Internett
www.fitjar.kommune.no