Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Skulehelseteneste

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 20.08.2017

Er du skoleelev og under 20 år, får du gratis tilbod om helsetenester hos helsesøster på skolen. Du vil bli innkalla til undersøkingar og vaksinasjon. I tillegg vil helsesøster hjelpe deg om du har skada deg på skolen, eller om du treng nokon å prate med om vanskelege ting. Du kan snakke med helsesøster om krangling, forelsking og kjærleikssorg, mobbing, pubertet, sjølvskading, problem heime, trening, slanking og vekt, tungsinn, røyking og rus, sex og prevensjon og mykje anna.

Læraren din treng ikkje å få vite kva du har snakka med helsesøster om. Er du under 16 år, har helsesøster plikt til å informere foreldra dine om ho synest det er nødvendig.

Formålet med skolehelsetenesta er å:

  • gi råd og rettleiing om helse, oppvekst og utvikling
  • fremje psykisk og fysisk helse
  • fremje eit godt lærings- og arbeidsmiljø
  • bidra til gode sosiale forhold
  • førebyggje sjukdommar og skadar

Når det er nødvendig, kan skolehelsetenesta vise vidare til f.eks. lege, tannlege, fysioterapeut eller psykolog.

Målgruppe

  • Skoleelevar under 20 år
  • Foreldre til skoleelevar under 16 år

Rettleiing

Du kan når som helst kontakte helsesøster. I tillegg har skolehelsetenesta nokre faste oppgåver.

Du vil m.a. få tilbod om desse vaksinane frå barnevaksinasjonsprogrammet:

  • Oppfriskingsdose av vaksine mot difteri, stivkrampe, kikhoste og polio (2. trinn)
  • Oppfriskingsdose av vaksine mot meslingar, kusma og raude hundar – MMR-vaksinen (6. trinn)
  • HPV-vaksine, førebygging av livmorhalskreft (7. trinn, berre jenter)
  • Oppfriskingsdose av vaksine mot difteri, stivkrampe, kikhoste og polio (10. trinn)

Du vil også bli kalla inn til måling og veging mens du går på 3. trinn og 8. trinn. Målinga vil skje utan andre enn helsesøster til stades, og resultatet blir ikkje delt med andre.

Klage

Dersom du meiner at du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med korleis tenesta blir utført, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til skolehelsetenesta. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer. Dersom klagen blir avvist, eller kommunen meiner at rettane dine er oppfylte, kan du klage til Fylkesmannen.

Anna informasjon

Skulehelsetenesta i Fitjar

 

Kvar finn ein skulehelsetenesta?

Skulehelsetenesta er representert ved kvar skule i Fitjar Kommune gjennom ei helsesøster, som har sine faste dagar ved den einskilde skule. Kontakt enten administrasjon ved skulen, eller Fitjar Helsestasjon for kontaktopplysningar og trefftid. Du kan også sjå oppslag ved kvar skule, som visar oversikt over kva dagar helsesøster er å treffe. Skulehelsetenesta er tilgjengeleg for både elevar og føresette. Kontakt med skulehelsetenesta er frivillig.

Kontaktinformasjon:

  • Helsesøster ved Rimbareid barne- og ungdomsskule:

           Kathrine: Tlf: 47870630. E-post: kabe@fitjar.kommune.no

           Inger Ragnhild: Tlf: 90175238. E-post: inrb@fitjar.kommune.no

  • Helsesøster ved Øvrabygda og Selevik skule:

            Inger Ragnhild: Tlf: 90175238. E-post: inrb@fitjar.kommune.no

  • Helsesøster ved Fitjar vidaregåande skule:

            Linn Therese: Tlf: 534 57828 eller 91524832. E-post: liol@fitjar.kommune.no

  • Rektor ved Øvrebygda skule, Sigbjørn Aarland: 534 58585
  • Rektor ved Selevik skule, Elisabeth Kjærland: 534 58595
  • Rektor ved Rimbareid skule, Bjørn Haaland: 534 58570. Sentralbord ved Rimbareid skule: 53458560.
  • Fitjar Helsestasjon: 534 58607 eller 534 58608

 

Korleis jobbar skulehelsetenesta?

Det er fleire pålagte og fastsette oppgåver, som t.d. vaksinasjon, helseundersøkingar og veging og måling (3. og 8.klasse). Elevane kan få undersøking og samtale med helsesøster ved behov. Både eleven sjølv, føresette, lærarar eller andre kan ta initiativ til dette. Ein treng ikkje timeavtale for å ta kontakt. Enkeltelevar kan få tilbod om særskilt oppfølging, med støttesamtaler, kartlegging av vanskar, evt.individuell plan osb. Tilvising til spesialisthelsetenesta skjer oftast gjennom fastlege, men skulehelsetenesta kan hjelpe til med å vurdere behovet, og samarbeider ofte med fastlegane når tilvising er aktuelt. Skulehelsetenesta deltek i arbeid kring psykisk helse i skulane. Helsesøster kan ha gruppe- eller klasseretta aktivitetar, t.d. om tema som fysisk aktivitet, kosthald, pubertet og seksualitet. Alle elevar i grunnskulen får tilbod om vaksinasjon etter nasjonalt vaksinasjonsprogram.

Vaksinasjonar

For informasjon om barnevaksinasjonsprogrammet, sjå:

https://fhi.no/sv/vaksine/barnevaksinasjonsprogrammet/

 

Samarbeidspartnere

Helsesøster og skulelege har teieplikt, men vil ofte ha behov for samarbeid rundt enkeltelevar. Me samarbeider tett med foreldre og skule, og med ulike kommunale- og eksterne hjelpeinstansar. Ved samarbeid kring einskildselevar skal samtykke frå foreldre, og/eller elevar over 16 år innhentast.    

 

Anna  informasjon

www.helsetilsynet.no - Uavhengig tilsynsmyndighet for helse- og sosialtenester
www.fylkesmannen.no - Tilsynsmyndighet for helsetenesta og helsepersonell
www.odin.no - Informasjon frå regjeringa og departementa
www.folkehelsa.no - Nasjonalt folkehelseinstitutt

Kontakt oss