Skulehelsetenesta
Beskrivelse
Tenesta er eit tilbod om helsetenester til alle skuleelevar under 20 år. Skulehelsetenesta gir råd og rettleiing, gjennomfører helseundersøkingar og vaksinasjonar. Når det trengst, kan tilvising vidare til anna helsepersonell som fastlege, tannlege eller ein spesialist gjerast. Skulehelsetenesta har også som oppgåve å fremje eit godt lærings- og arbeidsmiljø for elevane.
Målgruppe
Skuleelevar under 20 år
Vilkår
Tenesta er gratis.
Lover
Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. § 3-2
Pasient- og brukerrettighetsloven
Forskrift om kommunens helsefremmende og forebyggende arbeid i helsestasjons- og skolehelsetjenesten
Forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler m.v.
Klage
Klage på manglande helsehjelp
- Dersom du meiner du ikkje mottek nødvendig helsehjelp frå kommunen, kan du etter kommunehelsetenestelova påklage dette til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket.
- I klagen skal ein oppgi kva ein ønskjer endra i vedtaket, og ei grunngjeving for dette. Kommunen kan hjelpe til med å skrive klagen.
- Klagen skal sendast til den instansen i kommunen som har behandla saka. Held kommunen oppe avgjersla si, blir klagen send vidare til Helsetilsynet i fylket.
Klage på manglande utføring av helsehjelp
- Som mottakar av helsetenester kan du etter pasientrettlova også klage til Helsetilsynet på sjølve utføringa av tenesta. Klagen skal først sendast til kommunen eller direkte til tenesteytaren, slik at saka kan løysast på lågaste nivå.
Anna informasjon
Skulehelsetenesta i Fitjar

Kvar finn ein skulehelsetenesta?
Helsesøster på "din skule" har ein eller fleire faste dagar ved eige/eller lånt kontor på skulen. Ekspedisjonen på skulen kan opplyse kva tid du treff henne der, evt. korleis du kan nå henne på telefon.
Er det vanskar med å finna helsesøster, kan ein ringja:
Fitjar helsestasjon: Leiande helsesøster Bjørg Sigrunn Kaldefoss Torvund
tlf. nr. 53 45 86 07
e-post: bjorg-sigrunn.torvund@fitjar.kommune.no
Direktenummer
Rimbareid skule , sentralbord 53 45 85 60
Rimbareid skule, helsesøster 53 45 85 77 eller mobil 4787 06 30
Øvrebygda skule, rektor 53 45 85 85
Sælevik skule, rektor 53 45 85 95
Helsesøster ved: Fitjar vidaregåande skule: 53 45 78 23 eller mobil 48 04 87 30
Korleis jobbar skulehelsetenesta?
Elevane kan få undersøking og samtale med helsesøster. Både eleven sjølv, føresette, lærarar eller andre kan ta initiativ til dette. Ein treng ikkje timeavtale for å ta kontakt. Enkeltelevar kan få tilbod om særskilt oppfølging, med støttesamtaler, kartlegging av vanskar, evt.individuell plan osv. Tilvising til spesialisthelsetenesta skjer oftast gjennom fastlege, men skulehelsetenesta kan hjelpe til med å vurdere behovet, og samarbeider ofte med fastlegane når tilvising er aktuelt. Skulehelsetenesta er ein pådrivar og veileder i forhold til ”Psykisk helse i skulen”. I form av ”Zippys venner” i fyrste klasse og på ungdomsskulen i ”Alle har en psykisk helse” og på vidergåande er helsesøster med i ”VIP” (veiledning og informasjon om psykisk helse hos ungdom). Helsesøster har gruppe- eller klasseretta aktivitetar, t.d. om tema som pubertet (barneskulen) eller sex og samliv (ungdomsskulen). Alle elevar i grunnskulen får tilbod om vaksinasjon etter nasjonalt vaksinasjonsprogram.
Samarbeidspartnere
Helsesøster og skulelege har teieplikt, men vil ofte ha behov for samarbeid rundt enkeltelevar. Me samarbeider tett med foreldre og skule, og med ulike kommunale- og eksterne hjelpeinstansar. Samarbeid rundt namngjevne elevar skjer etter samtykke frå foreldre/evt. berre frå eleven sjølv.
Kontaktinformasjon
Kontaktinformasjon
Helsesøster for Rimbareid skule: Kathrine Berrefjord
Tlf.: 53 45 85 77
Mobil: 47 87 06 30
E-post: kathrine.berrefjord@fitjar.kommune.no
Helsesøster for Fitjar vidaregåande skule: Kari Melkevik Lunde.
Tlf nr : 53 45 78 23 Mobil 48 04 87 30
e-post: kari.lunde@fitjar.kommune.no
Kontakt med skulehelsetenesta er frivillig.
Ris og Ros:
Me set pris på tilbakemelding frå brukarane i form av ris, ros eller eventuelle forslag til forbetringar
fitjar-helsestasjon@fitjar.kommune.no
Anna informasjon
www.helsetilsynet.no - Uavhengig tilsynsmyndighet for helse- og sosialtenester
www.fylkesmannen.no - Tilsynsmyndighet for helsetenesta og helsepersonell
www.odin.no - Informasjon frå regjeringa og departementa
www.folkehelsa.no - Nasjonalt folkehelseinstitutt