Hopp til innhold Hopp til søk

Aktivitetshjelpemiddel til personar over 26 år

Oppretta: 01.01.2011 – Sist oppdatert 16.11.2018

Har du nedsett funksjonsevne og ønskjer å ta del i fysisk aktivitet, kan du søkje NAV om hjelpemiddel til dette. Du treng ikkje å vere medlem i ei idrettsforeining, drive organisert sport eller vere svært aktiv for å få eit aktivitetshjelpemiddel.

Du kan få hjelpemiddel til å drive aktivitet åleine eller saman med andre, og du kan få hjelpemiddel som er spesielt utvikla for å aktivisere rørsleapparatet dersom du ikkje kan gjere bruk av ordinære aktivitetshjelpemiddel.

Du får ikkje hjelpemiddel til hobbyaktivitetar, vanleg sportsutstyr eller konkurranseutstyr.

Aktivitetshjelpemiddel omfattar også ortopediske hjelpemiddel som for eksempel sportsproteser, spesialproteser og ortopedisk fottøy. Leverandørar av ortopediske hjelpemiddel som har rammeavtale med NAV, tilpassar og utleverer slike aktivitetshjelpemiddel. Du søkjer på same måte som for andre ortopediske hjelpemiddel.

Ordninga er rammefinansiert. Dette inneber at det ikkje kan delast ut fleire hjelpemiddel når den årlege løyvinga (ramma) er brukt opp.

Les meir

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Skolestart

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 16.11.2018

Alle barn har både rett og plikt til grunnskoleopplæring frå det kalenderåret dei fyller 6 år:

  • Rett til grunnskoleopplæring betyr at alle barn har krav på å få opplæring på ein offentleg grunnskole
  • Plikt til grunnskoleopplæring betyr at elevane må delta i grunnskoleopplæring, men ikkje nødvendigvis på ein offentleg skole. Du som forelder kan i staden velje ein friskole (privat skole) eller heimeundervisning, altså at du underviser eigne barn heime.

Du vil få brev frå kommunen i god tid før skolestart. I brevet får du vite kva for ein skole det er reservert plass på, og kva du skal gjere for å bekrefte eller seie frå deg plassen. Det er vanleg å invitere skolestartarane til ein førskoledag om våren. Du vil få beskjed om kvar og når de skal møte opp både til førskoledagen og til første skoledag etter sommarferien.

Barnet ditt har rett til å gå på den skolen som ligg nærast heimen eller ved den skolen i nærmiljøet som de soknar til. Du kan søkje om skolestart ved ein annan skole enn den barnet ditt soknar til.

Målgruppe

  • Barn i skolepliktig alder
  • Barn som fyller fem år og som PPT har vurdert som skolemodne

Lover

Opplæringslova § 2-1 (Rett og plikt til grunnskoleopplæring)

Opplæringslova § 2-15 (Rett til gratis offentleg grunnskoleopplæring)

Opplæringslova § 8-1 (Skolen)

Opplæringslova § 2-13 (Bruk av lova for privat opplæring i heimen)

Friskolelova

Rettleiing

Har du ikkje fått brev om innskriving på skole i ein kommune du nyleg har flytta til, må du ta kontakt med den nye kommunen for å melde barnet inn på skolen.

Er du i tvil om barnet ditt er komme langt nok i utviklinga til å starte på skolen, bør du kontakte kommunen i god tid før barnet skal starte på skolen. Det er kommunen som bestemmer om barnet skal utsetje skolestarten. Før kommunen tar avgjerda, må barnet vurderast av pedagogisk-psykologisk teneste (PPT).

Du kan òg søkje om tidlegare skolestart for barnet ditt. Dette inneber at barnet startar på skolen det kalenderåret det fyller fem år. For å få tidlegare skolestart må barnet fylle fem år innan 1. april og vurderast av pedagogisk-psykologisk teneste (PPT).

Vel du å undervise barnet ditt heime, må du melde frå til kommunen om dette.

Sakshandsaming

Søkjer du skolestart ved ein annan skole, utsett skolestart eller tidlegare skolestart, har kommunen plikt til å behandle søknaden din så snart som mogeleg. Dersom svar på søknaden ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når kommunen ventar å kunne svare deg.

Klage

Er du misnøgd med avgjerda kommunen har tatt, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda til kommunen. I klagen gjer du greie for du kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til den avdelinga som sende avgjerda. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen klagen din vidare til Fylkesmannen.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Kontakt oss