Hopp til innhold Hopp til søk

Opningstider rådhuset kl. 09 - 15 - SJÅ LEDIGE STILLINGAR HER

Dagens fangst på hytta i Bøkjeneset

Dagens bilde: Dagens fangst på hytta i Bøkjeneset

Foto: Arne Jacob

Send ditt blinkskot på: foto@fitjar.kommune.no

Skjenkjeløyve for særskilte høve

Beskrivelse

Tildeling av skjenkjeløyve som gjeld enten

  • ambulerande skjenkjeløyve eller
  • skjenkjeløyve for éit særskilt høve

Målgruppe

Ambulerande skjenkjeløyve er ikkje knytta til ein bestemt person eller ein skjenkjestad. Gjeld skjenking i lukka selskap (berre for inviterte gjester) i eit lokale eller ein stad som ikkje frå før har løyve, og der ein tek betaling for drikke.
Skjenking for eit særskilt høve gjeld løyve som er knytta til person eller skjenkjestad for arrangement som er opne for alle betalande gjestar. Løyve krevst ikkje ved private arrangement som til dømes bryllaup, fødselsdagsselskap eller andre jubileum så sant ein ikkje tek betaling for drikke.

Vilkår

All servering av alkoholhaldig drikk mot ei eller anna form for betaling krev løyve. Ansvarleg skjenkjestyrar må vere fylt 20 år (legitimasjon krevst). Det er ikkje krav om å greie kunnskapsprøva.

Rettleiing

Det krevst skriftleg søknad. Kopi av legitimasjon må leggjast ved søknaden.

Kommunen hjelper  til med å søkje om skjenkjeløyve.

Søknadsfrist

Det  må søkjast i god tid før arrangementet skal gjennomførast, helst 30 dagar før.

Sakshandsaming

  • Når ein søkjer om skjenkjeløyve, blir det innhenta fråsegner frå politiet og sosialtenesta. 
  • Du får skriftleg melding om vedtaket.
    .

Klage

  • Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
  • I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
  • Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
  • Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.

Turistinformasjon

Kamera

Kamera Sentrum Kamera Sjøsio

Nyheter

Kontakt kommunen

Fitjar kommune har eit areal på 145 km2 og ca. 3000  innbyggjarar.

Ordførar
Wenche Tislevoll (H)

Rådmann
Atle Tornes

Kommunenr. 1222
Organisasjonsnummer 944073310
Postadresse
Postboks 83, 5418 Fitjar
Telefonnr 53 45 85 00
Telefax nr 53 45 85 01
Teknisk vakt 95229950
Epost
fitjar@fitjar.kommune.no
Internett
www.fitjar.kommune.no