Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Skilt og reklame langs kommunal veg

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 27.02.2017

Skal du setje opp skilt eller reklameinnretning ved ein kommunal veg, må du i dei fleste tilfelle søkje kommunen om løyve. Dette gjeld uansett avstand frå vegen når skiltet eller reklamen er synleg for trafikantane.

Du treng ikkje søkje kommunen om du skal setje opp:

  • eitt skilt/reklame på inntil 3 m² montert flatt på veggen
  • verksemdskilt (firmanamn og logo) der det ikkje er andre skilt på fasaden frå før
  • nytt skilt/reklame som erstatning for eit du har fått godkjent tidlegare
  • skilt i kryss med privat veg (for eksempel adresseskilt eller Køyr sakte, barn leikar)

Du kan søkje på eiga hand om du skal setje opp:

  • eitt skilt/reklame på inntil 6,5 m² montert flatt på veggen
  • eitt skilt/reklame med høgde inntil 3,5 meter og breidde inntil 1,5 meter montert frittståande i terrenget

Du må søkje med hjelp frå eit ansvarleg firma dersom du skal:

  • setje opp skilt/reklame som er større enn 6,5 m², høgare enn 3,5 meter eller breiare enn 1,5 meter
  • montere eller fjerne skilt/reklame på fasade over eit fortau eller anna folksamt område
  • montere eller fjerne fleire skilt/reklame på same fasade

Viss du set opp skilt/reklame utan løyve, kan kommunen krevje at du fjernar det. Kommunen vil sende deg varsel om at skiltet må fjernast. Hastar det med å fjerne skiltet på grunn av trafikktryggleiken, kan kommunen sjølv gjere dette utan varsel. Dersom kommunen fjernar skiltet, må du betale utgiftene for fjerninga. 

Målgruppe

  • Næringsdrivande
  • Organisasjonar
  • Privatpersonar

Vilkår

Skiltet eller reklamen må ikkje vere skjemmande, sjenerande eller trafikkfarleg. Skilt/reklame er trafikkfarleg når det:

  • kan bli oppfatta som trafikksignal, vegskilt eller vegmerking
  • hindrar fri sikt langs vegen
  • trekkjer merksemda til trafikantane vekk frå vegen eller trafikken

Lover

Veglova § 33 (Reklameskilt eller liknande innretning)

Veglova § 57 (Forbod mot å skade offentleg veg)

Plan- og bygningslova § 20-1 (Tiltak som er omfatta av byggesaksvedtektene)

Plan- og bygningsloven § 30-3 (Skilt- og reklameinnretninger)

Byggesaksforskrifta § 3-1 (Mindre tiltak på eigedom med bygningar)

Byggesaksforskrifta § 4-1 (Tiltak som ikkje krev søknad og løyve)

Rettleiing

Er du i tvil om skiltet eller reklamen krev søknad, kan du kontakte kommunen for rettleiing.

Skal du søkje på eiga hand, må du varsle naboar og tverrbuar før søknad om tiltak blir send til kommunen. Ein kan gi nabovarsel på tre måtar; enten ved e-post, personleg oppmøte eller ved rekommandert sending. I søknaden legg du ved følgjande dokumentasjon:

  • beskriving av skiltet/reklamen (storleik, materialar, fargar)
  • beskriving av korleis skiltet/reklamen skal monterast
  • eventuell belysning av skiltet/reklamen
  • kart og målsett teikning av fasade/monteringsstad
  • kopi av nabovarselet, kvittering for at varsel er tatt imot og ev. merknader frå naboar

Kommunen kan ha tilleggskrav til dokumentasjon.

Skal du søkje med hjelp av eit ansvarleg firma, vil firmaet stå ansvarleg for heile søknadsprosessen. Firmaet sender søknaden på dine vegner og fungerer som bindeledd mellom deg, kommunen og ev. andre ansvarlege som skal hjelpe med arbeidet.

Skal du setje opp skilt/reklame langs fylkesveg, må du søkje fylkeskommunen. Skal du setje opp skilt/reklame langs riksveg, er det Statens vegvesen du må sende søknad til.

Sakshandsaming

Kommunen har plikt til å behandle søknaden din innan tre veker etter at søknad med alle nødvendige vedlegg er tatt imot. Dersom kommunen ikkje har avgjord søknaden innan dei tre vekene har gått og ingen nabo eller tverrbu har protestert, kan du rekne løyve som gitt.

Dersom søknaden inneheld ein dispensasjon frå reglar gitt i eller med heimel i plan- og bygningslova, skal kommunen behandle søknaden din innan 12 veker. Dersom denne fristen blir overskriden, vil det totale byggesaksgebyret bli redusert med 25 % for kvar påbegynte veke.

Søknaden blir vurdert i forhold til trafikkfare. Forhold som trafikkmengde, fartsnivå og talet på vegkryss, gangfelt og liknande på staden inngår i vurderinga.

Du kan få eit tidsavgrensa løyve eller eit løyve som varer på ubestemt tid.

Klage

Du kan klage på avgjerda til kommunen. Fristen er tre veker frå du tok imot svarbrevet. I klagen gjer du greie for du kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Klagen sender du til den avdelinga som sende svarbrevet. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje blir endra, blir klagen send vidare til Fylkesmannen.

Du vil få informasjon om klagebehandlinga når saka er behandla ferdig.

Kontakt oss