Skatteattest
Beskrivelse
Ein skatteattest er ein dokumentasjon på innbetalt meirverdiavgift og skatt og skal ikkje vere eldre enn seks månader.
Målgruppe
Næringsdrivande som treng dokumentasjon på at dei driv ei seriøs verksemd. Som leverandør treng du skatteattest dersom du skal levere varer og tenester til stat eller kommune. Som oppdragsgivar bør du be om skatteattest frå leverandørane dine dersom du ønskjer å framstå som ein seriøs kjøpar av varer og tenester.
Rettleiing
Skatteattest får ein ved å kontakte skatteoppkrevjaren i kommunen (eventuelt skattekontoret i fylket). Oppgi gjerne organisasjons- eller personnummer.
Sakshandsaming
Attesten blir send dagen etter at førespurnaden er motteken.