Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Skatteattest (Attest for skatt og meirverdiavgift)

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 17.08.2017

Treng du å dokumentere at du eller verksemda di har betalt skatt og meirverdiavgift, kan du be om å få ein skatteattest. Skatteattesten viser om du er à jour med innbetalingar til skattestyresmaktene eller kva du ev. skuldar (inkludert renter).

Du må leggje fram ein skatteattest for å dokumentere at du eller verksemda di ikkje skuldar skatt eller meirverdiavgift, for eksempel ved:

  • anbod eller tilbod på varer og tenester til offentleg sektor (også private oppdragsgivarar kan be om skatteattest frå sine leverandørar)
  • søknad om sals-, skjenke- eller serveringsløyve
  • søknad om løyve for å drive person- og godstransport
  • søknad om løyve for å drive spesialisthelseteneste

Når du skal leggje fram skatteattesten, kan han ikkje vere eldre enn seks månader.

Målgruppe

Du kan bestille attest for:

Rettleiing

Du bestiller sjølv attesten på nettsida til Altinn. Du kan velje å få attesten på bokmål, nynorsk eller engelsk.

Dersom du ikkje har høve til å bestille attesten på nettsida til Altinn, kan du kontakte Skatteetaten eller skatteoppkrevjaren i kommunen for hjelp til å bestille.

Skatteoppkrevjaren i kommunen og skattekontoret i fylket kan gi nærare opplysningar om ordninga med skatteattestar.

Sakshandsaming

Attesten blir sendt som eit PDF-dokument til meldingsboksen din i Altinn same dag. Dette gjeld sjølv om du har reservert deg mot kommunikasjon med det offentlege på nett.

Attesten er elektronisk godkjend og er derfor ikkje signert.

Kontakt oss