Sjukeheimar - langtidsopphald
Beskrivelse
Tenesta gjeld fast plass på sjukeheim
Målgruppe
Dei som ikkje får dekt sitt daglege behov for pleie og omsorg i heimen eller i ein omsorgsbustad.
Vilkår
Søkjaren må ha behov for langtidsplass på sjukeheim.
Lover
Tenesta er lovpålagd.
Forskrift for sykehjem og boform for heldøgns omsorg og pleie
Forskrift om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene
Rettleiing
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om langtidsopphald på ein sjukeheim, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det.
Dersom ein annan søkjer i din stad, må vedkomande ha fullmakt.
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Sakshandsaming
- Søknaden blir behandla av Tildelingseininga. Det vil eventuelt blir gjennomført vurderingsbesøk i heimen.
- Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, blir det sendt skriftleg svar om årsaka til dette, med opplysningar om når ein trur at vedtaket vil bli fatta.
Klage
- Klage over vedtaket skal sendas til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket.
- Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
- Klagen skal oppgi kva du ønskjer endra i vedtaket, og ei grunngjeving for dette. Kommunen vil kunne gi rettleiing.
- Klagen skal sendast den instansen i kommunen som har behandla saka. Står kommunen si avgjerd ved lag, blir klagen send vidare til Helsetilsynet i fylket.
Mottakaren av helsetenester kan også klage til Helsetilsynet på sjølve utføringa av tenesta. Klagen skal først sendast kommunen eller direkte til tenesteytaren, slik at saka kan løysast på lågaste nivå.