Hopp til innhold Hopp til søk

Opningstider rådhuset kl. 09 - 15 - SJÅ LEDIGE STILLINGAR HER

Dagens fangst på hytta i Bøkjeneset

Dagens bilde: Dagens fangst på hytta i Bøkjeneset

Foto: Arne Jacob

Send ditt blinkskot på: foto@fitjar.kommune.no

Sjukeheimar - avlastingsopphald

Beskrivelse

Dette er ei tidsavgrensa avlasting for personar som har omsorgsoppgåver i heimen. Personen som til vanleg mottek hjelpa heime, får eit tidsavgrensa opphald i institusjon.

Målgruppe

Omsorgsytarar som har eit særleg tungt omsorgsarbeid. Moment som kan vurderast er;

  • om søkjaren arbeider mange timar per månad med omsorgsarbeid 
  • om omsorgsarbeidet er meir fysisk eller psykisk belastande enn vanleg 
  • om omsorgsarbeidet fører med seg mykje nattarbeid eller avbrot i nattesøvn 
  • om fordelinga over tid; om det skjer i periodar eller heile tida 
  • om arbeidet fører til sosial isolasjon og mangel på ferie og fritid 
  • om det er snakk om omsorg for meir enn éin person

Vilkår

Personen som får avlasting, må ha eit særleg tyngjande omsorgsarbeid i heimen.

Avlastningsopphald på sjukeheim er gratis.

Rettleiing

Kommunen kan kontaktast for å få hjelp til søknaden.

Dersom ein annan søkjer i ditt namn, må vedkomande ha fullmakt.

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Sakshandsaming

  • Søknaden blir behandla av tildelingseininga. Det vil eventuelt bli gjennomført vurderingsbesøk i heimen.
  • Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, blir det sendt skriftleg svar om årsaka til dette, med opplysningar om når ein reknar med at vedtaket vil bli fatta.

Klage

Har du søkt helse- og omsorgstenester frå kommunen, kan du klage på avgjerda (etter pasient- og brukerrettighetsloven):

  • Fristen for å klage er fire veker frå du tok imot vedtaket.
  • I klaga beskriv du kva forhold du klagar på og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.
  • Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar.
  • Dersom vedtaket ikkje blir endra, kan du klage til Fylkesmannen.

Du kan også klage på sjølve utføringa av helsetenesta du får: 

  • Send klaga til den instansen som yter tenesta, slik at ein har høve til å løyse saka på lågaste nivå.
  • Dersom klaga blir avvist, eller kommunen meiner at rettane dine er oppfylte, kan du klage til Helsetilsynet i fylket.

Turistinformasjon

Kamera

Kamera Sentrum Kamera Sjøsio

Nyheter

Kontakt kommunen

Fitjar kommune har eit areal på 145 km2 og ca. 3000  innbyggjarar.

Ordførar
Wenche Tislevoll (H)

Rådmann
Atle Tornes

Kommunenr. 1222
Organisasjonsnummer 944073310
Postadresse
Postboks 83, 5418 Fitjar
Telefonnr 53 45 85 00
Telefax nr 53 45 85 01
Teknisk vakt 95229950
Epost
fitjar@fitjar.kommune.no
Internett
www.fitjar.kommune.no