Serveringsløyve
Beskrivelse
Løyvet gjeld etablering og drift av serveringsstader der det skal vere servering av mat og/eller drikke, og der tilhøva ligg til rette for servering av mat og drikke på staden.
Målgruppe
Personar eller verksemder som vil drive serveringsstad i næringssamanheng.
Vilkår
Den daglege leiaren på serveringsstaden må greie ei etablerarprøve for å dokumentere nødvendige kunnskapar om økonomistyring og om viktig lovgiving for drift av serveringsstader.
Det blir henta fråsegn frå politiet og skatteetaten om oppfylling av krava til god vandel for den som søkjer løyve, og for dagleg leiar. Søkjaren må i tillegg ha godkjenning frå blant anna Mattilsynet og frå dei kommunale bygningskontora for å kunne drive serveringsverksemd. Det må til dømes liggje føre godkjend bruksendring dersom bygningen er regulert til andre formål, og krav til parkeringsplassar må vere oppfylte.
Det må leggast fram skatteattest for den som skal drive serveringsstaden.
Rettleiing
Det krevst skriftleg søknad. Kommunen hjelper til med å søkje om serveringsløyve.
Søknaden skal innehalde bl.a følgjande opplysningar:
- Namn og adresse på den som er ansvarleg for dei økonomiske og juridiske pliktene knytta til drifta av verksemda. Dersom serveringsstaden er driven av eit enkeltpersonsføretak, skal det også opplysast om fødselsnummer. Dersom serverigsstaden er driven av eit selskap, skal det opplysast om organisasjonsnummer. Det skal i tillegg opplysast om eigarsamansetjinga.
- Opplysningar om den staden der serveringa skal drivast
- Namn og adresse på styrar og nestansvarleg
- Dokumentasjon av faglege kvalifikasjonar
- Skatteattest for den personen som har dei økonomiske pliktane for drifta av serveringsstaden
Vedlegg til søknad:
- Dokumentasjon på at etablerarprøva er gjennomført
- Firmaattest og utskrifter frå Brønnøysundregisteret
Endringar i løyve kan skje fleire gonger i løyveperioden, til dømes ved skifte av styrar og nestansvarleg for løyvet, endringar i driftskonseptet eller endringar i eigarforhold. Slike endringar krev ny godkjenning, eventuelt nytt løyve. Melding om endring skal sendast til kommunen, som fattar nytt vedtak.
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart.
Sakshandsaming
Når søknaden er motteken i kommunen, skal det innhentast fråsegn frå politiet. Kommunen kan også innhente opplysningar fra skatte- og avgiftskontora og frå andre offentlege kontor. Du får skriftleg melding om vedtaket.
Klage
- Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
- I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
- Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.