Samvere med born under offentleg omsorg for foreldre og andre
Beskrivelse
Når born er i fosterheim eller på institusjon, har born og foreldre rett til samvere med kvarandre dersom ikkje anna er bestemt. Sjølv om foreldra ikkje maktar å ha omsorg for barnet, kan det vere verdfullt for barnet å ha kontakt med sin biologiske familie. Barnevernet kan bestemme at andre enn foreldra skal ha rett til samvere med barnet. Barnevernstenesta utarbeider framlegg til vedtak med grunngjeving. Det er Fylkesnemnda for sosiale saker som avgjer saka.
Målgruppe
Foreldre og i meir spesielle situasjonar også besteforeldre, søsken, onklar/tanter eller nære vener av barnet.
Vilkår
Ordninga skal vere til beste for barnet.
Sakshandsaming
Den kommunale barnevernstenesta utarbeider framlegg til vedtak, og Fylkesnemnda for sosiale saker, som er statleg, avgjer saka. Fylkesnemnda for sosiale saker er eit domstolliknande organ som blir styrt av ein jurist. Nemnda er elles samansett av sakkyndige og ufaglærde.