Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Samhandlingsreforma

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 08.08.2016

Målet med samhandlingsreforma er å førebyggje meir, behandle tidlegare og samhandle betre:

  • Reforma skal medverke til at ein førebyggjer helseplager framfor berre å reparere plager som allereie har oppstått. 
  • Pasientar og brukarar skal få tidleg og god hjelp når dei treng det, så nært der dei bur som mogeleg.
  • Reforma skal medverke til at ulike ledd i helsetenesta jobbar betre saman.

Tenestene skal ha god kvalitet, høg pasienttryggleik, låg ventetid og vere mest mogeleg tilpassa den enkelte brukaren.

Kva betyr samhandlingsreforma for deg?

  • Lettare å få helsehjelp lokalt
  • Bistand til koordinering av behandling og oppfølging
  • Breiare tilbod i kommunen
  • Betre oppfølging av deg som har kroniske lidingar
  • Fleire tilbod for deg som ønskjer hjelp til å leggje om levevanar som kan føre til sjukdom, for eksempel å endre kosthald, komme i gang med fysisk aktivitet eller stumpe røyken
  • Meir fokus på helsefremjande arbeid i nærmiljøet

Reforma blir innført gradvis med startskot 1. januar 2012. I første omgang vil samhandlingsreforma gjelde somatiske lidingar, og etter kvart vil den også i større grad omfatte psykiatri og rus.

Målgruppe

Innbyggjarar i kommunen som treng helse- og omsorgstenester.

Vilkår

Samhandlingsreforma er ikkje ei teneste i seg sjølv, men eit samleomgrep for fleire tenester innan helse- og omsorgssektoren i kommunen.

Lover

Lov om folkehelsearbeid § 4 (Kommunens ansvar for folkehelsearbeid)

Helse- og omsorgstenestelova § 3-4 (Kommunens plikt til samhandling og samarbeid)

Kontakt oss