Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Samarbeid mellom heim og skole

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 25.05.2017

Eit godt samarbeid mellom heim og skole er ein viktig føresetnad for at barn og unge skal få eit godt læringsmiljø. Skolen skal leggje til rette for samarbeid med heimen og sikre at barn og foreldre medverkar i skolen.

Dette blir mellom anna gjort ved at skolen har følgjande råd og utval:

Elevrådet har som oppgåve å representere elevane på skolen overfor rektor og andre som bestemmer. Det betyr at dersom det er noko du ikkje er fornøgd med på skolen, kan du ta det opp i elevrådet. Det er vanleg at kvar klasse vel sin elevrådsrepresentant i starten av skoleåret. For 1. til 4. trinn er det ikkje krav om deltaking i elevrådet.

Foreldrearbeidsutvalet (FAU) skal jobbe for å skape eit godt samarbeid mellom heimen og skolen. Foreldra vel representantar til FAU frå kvar klasse.

Samarbeidsutvalet (SU) er skolens øvste rådgivande organ og har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolen. SU skal ha desse medlemmane:

  • to elevar, vanlegvis frå elevrådet
  • to foreldre, der FAU-leiaren er den eine
  • to representantar frå undervisningspersonalet
  • ein representant for andre tilsette ved skolen
  • to representantar frå kommunen, der rektor er den eine

Skolemiljøutvalet (SMU) skal sikre at skolen har eit systematisk arbeid for eit godt skolemiljø. SMU skal vere eit rådgivande organ for skolen i saker knytte til dette. Elevane, foreldra, skolen, tilsette i skolen og ein representant frå kommunen skal vere representerte. Foreldre og elevar skal til saman ha fleirtal i SMU.

Råda og utvala har rett til å uttale seg og komme med forslag i alle saker som gjeld skolen. Dei skal løpande orienterast om forhold som har betyding for skolemiljøet, og skal på førespurnad få lagt fram dokumentasjon om det systematiske helse-, miljø- og tryggleiksarbeidet ved skolen. Dei skal så tidleg som mogeleg bli tatt med i planlegging og gjennomføring av miljøtiltak.

Skolen skal aktivt og systematisk arbeide for å fremje eit godt psykososialt miljø, det vil seie at den enkelte elev skal oppleve tryggleik og sosial tilhøyring. Får ein tilsett ved skolen kjennskap til eller mistanke om at ein elev blir mobba, diskriminert eller utsett for vald eller rasisme, skal den tilsette snarast undersøkje saka og varsle skoleleiinga. Elevar og foreldre har også plikt til å melde frå i slike saker.

Dersom ein elev eller forelder ber om tiltak vedrørande det psykososiale miljøet, skal skolen så snart som råd behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Ved eventuell erstatningssak må skolen bevise at dei gjorde det dei kunne for å stanse mobbinga.

Målgruppe

  • Elevar og foreldre i grunnskole
  • Medlemmar av elevråd, FAU, SU og SMU

Lover

Opplæringslova § 8-1 (Skolen)

Opplæringslova kap. 9a (Elevane sitt skolemiljø)

Opplæringslova kap. 11 (Organ for brukarmedverknad i skolen)

Barnelova § 30 (Innhaldet i foreldreansvaret)

Forskrift til opplæringslova

Rettleiing

Ingen av råda eller utvala har vedtaksmyndigheit, men dei gir elevar og foreldre høve til å utveksle meiningar og å komme med felles fråsegner.

Foreldre skal ha eit reelt høve til å kunne utøve påverknad på eigne barns faglege og sosiale utvikling, ved at dei får:

  • informasjon om måla for opplæringa i faga, den faglege utviklinga til elevane i forhold til måla og korleis heimen kan bidra til å fremje måloppnåinga til elevane. 
  • informasjon om korleis opplæringa er lagd opp, og kva for arbeidsmåtar og vurderingar som blir brukte. 
  • informasjon om korleis skolen arbeider for å fremje eit godt psykososialt miljø. 
  • nødvendige opplysningar for å kunne delta i drøftingar om utviklinga av skolen.

Klage

Er du misnøgd med samarbeidet med skolen, kan du ta dette opp med rektor. Blir ikkje synspunkta dine høyrde, kan du klage skriftleg til kommunen.

Kontakt oss