Salsløyve
Beskrivelse
Salgløyvet gjeld for sal og utlevering av alkoholhaldig drikk med høgst 4,7 % alkohol (tilsvarar øl). Løyver blir gitt for maksimum fire år om gangen. Løyvet fell bort ved overdraging av verksemda. Verksemda kan likevel halde fram på det tidlegare løyvet i inntil tre månader. Føresetnaden er at den instansen som gir løyve, er underretta om dette, og at det blir søkt om nytt løyve så snart som mogleg og seinast innan 30 dagar etter overdraginga.
Målgruppe
Firma eller personar som ønskjer å drive sal og utlevering av alkoholprodukt med høgst 4,7 % alkohol kan søkje om salsløyve.
Vilkår
Sal av alkoholhaldig drikk kan berre skje på grunnlag av løyve etter alkohollova. Det krevst god vandel. Løyvehavaren skal utpeike ein styrar og ein fullmaktshavar som er knytte til salsstaden. Styraren og fullmaktshavaren må begge ha greidd kunnskapsprøva om alkohollova. Kunnskapsprøva blir gjennomført i kommunen. Begge personane må vere over 20 år, dei må arbeide i verksemda, og dei må oppfylle dei krava som er sette i alkohollova. Løyvet blir tildelt etter skjøn.
Rettleiing
Det krevst skriftleg søknad. Kommunen vil kunne hjelpe til med søknaden.
Endringar i løyve kan skje fleire gonger i løyveperioden, til dømes ved skifte av styrar og fullmaktshavar for løyvet, endringar i driftskonsept eller endringar i eigarforhold. Slike endringar krev ny godkjenning, eventuelt nytt løyve. Melding om endring skal sendes til kommunen, som fattar nytt vedtak.
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart.
Sakshandsaming
- Når søknaden er motteken i kommunen, blir det innhenta fråsegner frå politiet, sosialtenesta og skatte- og avgiftsmaktene dersom det ikkje blir bede om at søkjaren skal gjere dette sjølv.
- Det blir gitt skriftleg melding om vedtaket.
Klage
- Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
- I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
- Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.
Anna informasjon
Skjema for søknad om salsløyve finn du her.