Rustiltak
Beskrivelse
Tenesta inneber hjelp til å kome bort frå misbruk av alkohol og andre rusmiddel. Alle tiltak vil i størst moleg grad være tilpassa individuelle behov. Tenesta skal også omfatte råd, rettleiing og hjelp til familien. Rusmiddelmisbrukarar har også krav på dei ordinære tenestene etter sosialtenestelova.
Målgruppe
Rusmiddelmisbrukarar og deira familiar.
Vilkår
Klienten må ønskje hjelp til behandlingsopplegg.
Rettleiing
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om denne tenesta. Du har rett til å la nærmaste pårørande hjelpe deg med søknaden. Andre kan også hjelpe deg. Det kan til dømes vere ein nabo. Men då må du gi ei skriftleg fullmakt som du legg ved søknaden. Dersom du ønskjer plass i behandlingsinstitusjon, kan fastlegen din hjelpe deg med å søkje om dette.
Sakshandsaming
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til dette, med opplysningar om når ein trur at vedtaket vil bli fatta.
Det vil bli fatta eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.
Klage
- Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
- I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
- Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.