Hopp til innhold Hopp til søk

Aktivitetshjelpemiddel til personar over 26 år

Oppretta: 01.01.2011 – Sist oppdatert 16.11.2018

Har du nedsett funksjonsevne og ønskjer å ta del i fysisk aktivitet, kan du søkje NAV om hjelpemiddel til dette. Du treng ikkje å vere medlem i ei idrettsforeining, drive organisert sport eller vere svært aktiv for å få eit aktivitetshjelpemiddel.

Du kan få hjelpemiddel til å drive aktivitet åleine eller saman med andre, og du kan få hjelpemiddel som er spesielt utvikla for å aktivisere rørsleapparatet dersom du ikkje kan gjere bruk av ordinære aktivitetshjelpemiddel.

Du får ikkje hjelpemiddel til hobbyaktivitetar, vanleg sportsutstyr eller konkurranseutstyr.

Aktivitetshjelpemiddel omfattar også ortopediske hjelpemiddel som for eksempel sportsproteser, spesialproteser og ortopedisk fottøy. Leverandørar av ortopediske hjelpemiddel som har rammeavtale med NAV, tilpassar og utleverer slike aktivitetshjelpemiddel. Du søkjer på same måte som for andre ortopediske hjelpemiddel.

Ordninga er rammefinansiert. Dette inneber at det ikkje kan delast ut fleire hjelpemiddel når den årlege løyvinga (ramma) er brukt opp.

Les meir

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Restskatt for upersonlege skattytarar (næringsliv)

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 16.11.2018

Restskatt betyr at verksemda di skuldar pengar til skattestyresmaktene fordi det er betalt for lite skatt. Når Skatteetaten har behandla skattemeldinga, får du eit skatteoppgjer. Det er då du får vite om verksemda får igjen pengar på skatten, eller må betale restskatt.

Fristen for å betale restskatten er tre veker etter at verksemda tok imot skatteoppgjeret. Beløpet blir ikkje delt i to som for personlege skattytarar, men må betalast i eitt.


Viss verksemda di betaler for seint, må du betale forseinkingsrenter i tillegg til restskatten. Rentene blir berekna frå betalingsfristen og fram til betalinga skjer.

Viss verksemda ikkje betaler restskatten, vil skatteoppkrevjaren i kommunen likevel prøve å få inn pengane (tvangsinnfordring). Då vil gebyr og ev. betalingsmerknad komme i tillegg.

Målgruppe

Som upersonleg skattytar blir rekna:

  • aksjeselskap (AS)
  • norskregistrert utanlandsk selskap (NUF)
  • bankar
  • verdipapirfond

Driv du enkeltpersonføretak eller ANS, blir du rekna som personleg skattytar.

Rettleiing

Du vil få tilsendt faktura med ferdig utfylt kontonummer, beløp, KID-nummer og betalingsfrist. Fakturaen blir send til den adressa du står ført opp med i Folkeregisteret. Er du registrert som elektronisk brukar i Skatteetaten, får du tilsendt faktura i meldingsboksen din i Altinn (krev innlogging).

Får du ikkje faktura, må du likevel betale restskatten innan fristen. Nedanfor finn du:

Dersom du veit at verksemda har betalt for lite skatt, kan du betale tilleggsforskot. På den måten kan du unngå rentetillegg på restskatten. Fristen for å betale inn tilleggsforskot er 31. mai.

Klage

Viss du meiner det er feil i skatteoppgjeret, kan du sende ein klage til Skatteetaten. Forklar kva du meiner er feil, og gi ei grunngiving. Klagefristen er seks veker etter at skatteoppgjeret blei sendt til deg.

Hugs at du må betale restskatten innan fristen sjølv om du klagar på skatteoppgjeret!

Alt som er betalt inn som forskotstrekk vil gå fram av det årlege skatteoppgjeret. Meiner du at noko av forskotstrekket ikkje er tatt med i skatteoppgjeret, må du klage til skatteoppkrevjaren i kommunen. Forklar kva du meiner er feil, og legg ved dokumentasjon.

Kontakt oss