Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Restskatt for personleg skatteytar (tilsett)

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 28.03.2017

Restskatt betyr at du skuldar pengar til skattestyresmaktene fordi du har betalt for lite skatt. Du får eit skatteoppgjer etter at Skatteetaten har behandla sjølvmeldinga di, og der vil det gå fram om du får tilbake pengar, eller om du må betale restskatt.

Får du restskatt på mindre enn 1000 kroner, må du betale heile beløpet på éin gong. Er restskatten på under 100 kroner, slepp du å betale. Er restskatten på meir enn 1000 kroner, vil beløpet bli delt i to like store delar slik at du slepp å betale alt på éin gong.

Fristen for å betale det første beløpet er som regel tre veker etter at du fekk skatteoppgjeret. Betalingsfristen er likevel aldri tidlegare enn 20. august. Fristen for å betale andre del av restskatten er fem veker etter første betalingsfrist.

Viss du betaler for seint, må du betale forseinkingsrenter i tillegg til restskatten. Rentene blir berekna frå betalingsfristen og fram til betalinga skjer.

Viss du ikkje betaler restskatten, vil skatteoppkrevjaren i kommunen likevel prøve å få inn pengane du skuldar (tvangsinnfordring). Du må då i tillegg betale gebyr til kommunen, og du kan få ein betalingsmerknad.

Vil du prøve å unngå restskatt neste år, bør du sjekke at grunnlaget for skattekortet ditt er rett. Viss grunnlaget er feil, kan du endre skattekort ditt.

Målgruppe

Personlege skattytarar (lønnsmottakarar)

Rettleiing

Du vil få tilsendt faktura med ferdig utfylt kontonummer, beløp, KID-nummer og betalingsfrist. Fakturaen(e) blir send/sende til den adressa du står ført opp med i Folkeregisteret. Er du registrert som elektronisk brukar i Skatteetaten, får du tilsendt faktura i meldingsboksen din i Altinn (krev innlogging).

Får du ikkje faktura, må du likevel betale restskatten innan fristen. Nedanfor finn du:

Klage

Viss du meiner det er feil i skatteoppgjeret, kan du sende ein klage til Skatteetaten. Forklar kva du meiner er feil og gi ei grunngiving. Klagefristen er seks veker etter at skatteoppgjeret blei sendt til deg.

Hugs at du må betale restskatten innan fristen sjølv om du klagar på skatteoppgjeret! Viss du har problem med å betale restskatten før klagen er ferdigbehandla, kan du søkje kommunen om utsett betaling.

Kontakt oss