Hopp til innhold Hopp til søk

Renovasjon

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 16.11.2018

Renovasjonsetaten i kommunen skal hente søppel frå ditt hushald (hushaldsavfall) til avtalte tider (sjå tømmeplanen til kommunen). Du må sjølv sørgje for å leggje søppelet ut i avfallsdunken.

Kommunen kan bestemme korleis søppelstativ, avfallsdunk og liknande skal plasserast, og om du ev. må setje dunken fram på tømmedagen.

Hushaldsavfallet skal kjeldesorterast etter retningslinjene frå kommunen. Dette kan innebere eigne dunkar eller levering til returpunkt. Farleg avfall som malingsrestar, løysemiddel, batteri og elektriske produkt skal ikkje blandast med vanleg hushaldsavfall, men leverast på eige mottak.

Les meir

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Kontakt oss