Psykiske helsetenester
Beskrivelse
Psykisk helsearbeid i kommunen er tiltak retta inn mot menneske med psykiske problem og lidingar og konsekvensar av lidingar hos den enkelte, familiane og nettverket deira.
Det kan vere hjelp til å meistre psykiske plager gjennom samtalar med psykisk helsearbeidar, støtte til å meistre dagleglivet, finne sosiale aktivitetar, råd og rettleiing, hjelp til medisinering med meir. Søkjaren kan ha behov for ein individuell plan.
Psykisk helsearbeid omfattar også arbeid på overordna nivå, som førebygging av psykiske lidingar, opplysningsarbeid og anna arbeid for å motverke stigmatisering og diskriminering.
Målgruppe
Personar som bur heime og har psykiske lidingar.
Vilkår
Du må bu eller opphalde deg i kommunen. Det er ditt behov som er avgjerande for om du vil kunne motta tenesta.
Lover
Lov om etablering og gjennomføring av psykisk helsevern kap. 4
Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. §§ 3-2 og 3-3
Rettleiing
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på vegne av deg, må vedkomande ha fullmakt frå deg.
Sakshandsaming
Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det fatta eit vedtak. Vanlegvis får du ei grunngjeving saman med vedtaket.
Kommunen skal behandle saka så snart som råd er. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg beskjed om grunnen til dette. Du skal samstundes få opplyst når ein reknar med at vedtaket blir fatta.
Klage
Har du søkt helse- og omsorgstenester frå kommunen, kan du klage på avgjerda (etter pasient- og brukerrettighetsloven):
- Fristen for å klage er fire veker frå du tok imot vedtaket.
- I klaga beskriv du kva forhold du klagar på og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar.
- Dersom vedtaket ikkje blir endra, kan du klage til Fylkesmannen.
Du kan også klage på sjølve utføringa av helsetenesta du får:
- Send klaga til den instansen som yter tenesta, slik at ein har høve til å løyse saka på lågaste nivå.
- Dersom klaga blir avvist, eller kommunen meiner at rettane dine er oppfylte, kan du klage til Helsetilsynet i fylket.