Hopp til innhold Hopp til søk

Opningstider rådhuset kl. 09 - 15 - SJÅ LEDIGE STILLINGAR HER

Dagens fangst på hytta i Bøkjeneset

Dagens bilde: Dagens fangst på hytta i Bøkjeneset

Foto: Arne Jacob

Send ditt blinkskot på: foto@fitjar.kommune.no

Privat avkøyrsle frå offentleg veg

Beskrivelse

Kommunen behandlar og godkjenner søknader som gjeld avkøyrsle frå kommunal veg:

  • Bygging av ny avkøyrsle
  • Flytting av avkøyrsle
  • Endra bruk av avkøyrsle

Denne tenesta gjeld avkøyrsle som ikkje er del av ei byggjesak. Dersom det er tilfellet, blir den behandla som byggjesak.  For avkøyrsle frå fylkesveg og riksveg blir søknaden send til fylkeskommunen eller Statens vegvesen.

Målgruppe

Grunneigarar og utbyggjarar.

Vilkår

Avkøyrsle omfattar all slags tilknyting mellom offentleg veg og privat eigedom, dvs. området frå vegkanten til tilstøytande privat terreng. Som avkøyrsle reknar ein også tilknyting for fotgjengarar. Avkøyrsla må byggjast i samsvar med reguleringsplanen til kommunen og retningslinjer gitt av staten og kommunen. Vegstyresmaktene legg ei brei tryggingssvurdering til grunn. Dersom området ikkje er regulert, eller det ikkje er planar for avkøyrsle i reguleringsplanen, skal søknaden behandlast etter føresegnene i veglova.

Lover

Sjå primært veglova (§§ 40-43 og § 13) med forskrifter (dersom området ikkje er regulert eller avkøyrsle ikkje inngår i reguleringsplanen). Sjå elles plan- og bygningslova §§ 66-67.

Forvaltningsloven
Veglova
Plan- og bygningsloven kap. XII

Forskrift om (...) avkjørslesaker for riksveg
Forskrift om (...) bygging og vedlikehold av avkjørsler fra offentlig veg

Rettleiing

Sjå i kommunal reguleringsplan over området om avkøyrsle er regulert eller ikkje.

Kommunen har rettleiingsplikt og gir informasjon om korleis du skal søkje, kva for retningslinjer som gjeld, og om området er regulert eller ikkje.

Sakshandsaming

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Situasjonskart der avkøyrsla er innteikna, skal leggjast ved.

Klage

  • Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
  • I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
  • Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
  • Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.

Turistinformasjon

Kamera

Kamera Sentrum Kamera Sjøsio

Nyheter

Kontakt kommunen

Fitjar kommune har eit areal på 145 km2 og ca. 3000  innbyggjarar.

Ordførar
Wenche Tislevoll (H)

Rådmann
Atle Tornes

Kommunenr. 1222
Organisasjonsnummer 944073310
Postadresse
Postboks 83, 5418 Fitjar
Telefonnr 53 45 85 00
Telefax nr 53 45 85 01
Teknisk vakt 95229950
Epost
fitjar@fitjar.kommune.no
Internett
www.fitjar.kommune.no