Hopp til innhold Hopp til søk

Opningstider rådhuset kl. 09 - 15 - telefon og epost til tilsette finn du her.

Fitjarvikjo med skyer over Fonno

Dagens bilde: Fitjarvikjo med skyer over Fonno

Foto: Svein Bårdsen

Send ditt blinkskot på: foto@fitjar.kommune.no

PP-tenesta

Beskrivelse

PPT (pedagogisk-psykologisk teneste) har som hovudmålsetjing å ha eit førebyggjande perspektiv gjennom:

  • Utgreiing, kartlegging, rettleiing og sakkyndig vurdering, knytta til enkeltbarn
  • Systemarbeid, kompetanse og organisasjonsutvikling knytta til barnehagar og skular
  • Samarbeid med andre kommunale hjelpeinstansar samt fylkeskommunale og statlege hjelpeinstansar (PHBU, Habiliterings- og Rehabiliteringsteneste, Statleg Pedagogisk Støttesystem).

Den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT) skal sørgje for at det blir utarbeidd ei sakkyndig vurdering der lova krev det. Dette gjeld først og fremst vurdering om behov for spesialpedagogiske tiltak for barn i førskulealder, elevar i grunnskulen og i vaksenopplæring på grunnskulen sitt område.

Opplæringslova krev også sakkyndig vurdering på ein del andre områder, blant anna:

  • tidlegare eller utsett skulestart
  • fritak frå opplæringsplikta
  • teiknspråkopplæring
  • punktskriftopplæring for blinde og sterkt svaksynte elevar
  • søknad om inntak på særskilt valt utdanningsprogram på vidaregående trinn 1

Målgruppe

  • Barnhagar og skular.
  • Barn, ungdom og elevar som ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet.

Lover

Alle kommunar og fylkeskommunar skal ha ei pedagogisk-psykologisk teneste.

Opplæringslova § 5-6, jf. § 5-1 og § 5-7

Forskrift til opplæringslova

Rettleiing

Barn/elevar tilvises av dei føresette sjølve eller i samråd med barnehage/skule. Foreldre og vaksne kan på eige initiativ ta kontakt med PPT for informasjon og vurdering av behov for tenester samt hjelp til å fylle ut tilvisingsskjema. Helsesøstrer, barnehage og skular kan etter skriftleg samtykke og i samarbeid med føresette tilvise, saker til PPT.

Søknadsfrist

Det er ingen søknadsfrist.

Sakshandsaming

Spørsmål om tilvising blir behandla etter kvart. Ved ventetid ut over 2 mnd. blir det gitt skriftleg beskjed om forventa ventetid.

Fråsegn fra PPT er eit ledd i saksførebuinga før det blir fatta vedtak om spesialundervisning mv.

Turistinformasjon

Kamera

Kamera Sentrum Kamera Sjøsio

Nyheter

Kontakt kommunen

Fitjar kommune har eit areal på 145 km2 og ca. 3000  innbyggjarar.

Ordførar
Wenche Tislevoll (H)

Rådmann
Atle Tornes

Kommunenr. 1222
Organisasjonsnummer 944073310
Postadresse
Postboks 83, 5418 Fitjar
Telefonnr 53 45 85 00
Telefax nr 53 45 85 01
Teknisk vakt 95229950
Epost
fitjar@fitjar.kommune.no
Internett
www.fitjar.kommune.no