Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

PP-tenesta (pedagogisk psykologisk teneste)

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 17.08.2017

PP-tenesta er ei rådgivande, kommunal teneste som skal hjelpe:

  • barn i barnehage og grunnskole
  • ungdom i ungdoms- og vidaregåande skole
  • elevar i vaksenopplæringsprogram

med utfordringar knytte til utvikling og opplæring. PP-tenesta arbeider også direkte med barnehagar, skolar, helsestasjonar og andre instansar som har behov for generell fagleg rettleiing.

I PP-tenesta jobbar fagfolk som psykologar, pedagogar, sosionomar, logopedar og synspedagogar. Alle tilsette i PP-tenesta har teieplikt.

PP-tenesta gir fagleg vurdering, råd og rettleiing om:

  • språk- og talevanskar
  • generelle lærevanskar eller fagvanskar
  • lese- og skrivevanskar
  • matematikkvanskar
  • konsentrasjonsvanskar
  • sosiale og emosjonelle vanskar
  • åtferdsvanskar
  • syns- og høyrselsvanskar

PP-tenesta skal uttale seg før det blir tatt avgjerd om:

  • spesialpedagogisk hjelp før skolestart
  • tidlegare eller utsett skolestart
  • spesialundervisning på skolen
  • fritak frå opplæringsplikta
  • teiknspråkopplæring
  • punktskriftopplæring for blinde og sterkt svaksynte elevar
  • søknad om inntak på utdanningsprogram i vidaregåande skole på særskilt grunnlag

Målgruppe

  • Barn, ungdom og vaksne elevar som ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet. Er du over 15 år, kan du kontakte PP-tenesta utan at foreldra dine behøver å få vite det.
  • Barnehagar, skolar, helsestasjon og andre instansar som jobbar med utvikling og læring

Lover

Opplæringslova kap. 5 (Spesialundervisning)

Opplæringslova § 5–6 (Pedagogisk-psykologisk teneste)

Opplæringslova § 5–7 (Spesialpedagogisk hjelp før opplæringspliktig alder)

Rettleiing

Som forelder kan du ta direkte kontakt med PP-tenesta, ev. i samarbeid med barnehagen eller skolen der barnet går. Du vil bli bedt om å fylle ut eit tilvisingsskjema der du beskriv kva du ønskjer at PP-tenesta skal hjelpe med. Er du over 15 år, kan du sjølv ta kontakt med PP-tenesta eller be skolen gjere det.

Du kan få hjelp til å fylle ut tilvisingsskjemaet av PP-tenesta, barnehagen, skolen, helsestasjonen eller oppvekstkontoret i kommunen.

Helsestasjonen, barnehagen og skolen kan også tilvise saker til PP-tenesta, men må då ha skriftleg samtykke frå foreldre (for barn under 15 år) eller personen sjølv (over 15 år).

Sakshandsaming

PP-tenesta vil behandle alle førespurnader og tilvisingar etter kvart som dei kjem inn. Dersom svar ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når PP-tenesta ventar å kunne svare deg.

I saker der PP-tenesta skal gi si faglege vurdering, vil dei først gjere ei kartlegging for å danne seg eit fullstendig bilete av føresetnadene og behova til barnet/eleven. Dette skjer gjennom samtale, observasjon og testing av barnet/eleven, enten i barnehagen/skolen eller i lokala til PP-tenesta.

Deretter vil PP-tenesta gi si faglege vurdering. Denne dannar grunnlag for avgjerder om spesialundervisning, spesialpedagogisk hjelp, tidlegare eller utsett skolestart eller andre forhold som føreset ei fråsegn frå PP-tenesta.

PP-tenesta kan gi oppfølging i form av råd og rettleiing til foreldre og lærarar/personale i barnehagen eller skolen. PP-tenesta kan også gi støttesamtalar til den enkelte eleven og vurdere vidare tilvising til spesialist (f.eks. logoped).

Klage

PP-tenesta tar ingen avgjerder, men gjer vurderingar og gir råd før avgjerder blir tatt. Du kan derfor ikkje klage på avgjerder til PP-tenesta, men må i staden sende klage til den avdelinga som har tatt avgjerda. Til PP-tenesta kan du klage på for lang ventetid eller for lang saksbehandling. Slike klagar sender du direkte til PP-tenesta.

Har du ikkje fått nødvendig hjelp eller er misnøgd med korleis tenesta er utført, kan du også klage. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer. Send klagen til kommunen eller direkte til PP-tenesta. Dersom klagen blir avvist, eller kommunen meiner at rettane dine er oppfylte, vil dei sende klagen vidare til Fylkesmannen.

Kontakt oss