Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Parkeringsløyve for forflyttingshemma

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 22.01.2017

Har du problem med å bevege deg over lange strekningar, kan du søkje om parkeringsløyve for forflyttingshemma. Løyvet blir gitt i form av eit personleg parkeringskort som gir deg rett til parkering på merka parkeringsplassar nær hovudinngang og eventuelt heis.

Faksimile av parkeringskort for rørslehemma 

At kortet er personleg, betyr at løyvet er gitt til deg og ikkje til eit bestemt køyretøy. Du treng dermed ikkje køyre sjølv for å få parkeringskort.
 
Når kortet er plassert med framsida godt synleg bak frontruta, har du rett til å:

  • parkere på plassar som er reserverte for forflyttingshemma og som er merka med handikappsymbol eller skilt,
  • parkere på kommunal parkeringsplass utan å betale avgift,
  • parkere inntil dobbelt så lenge på parkeringsplass skilta med tidsavgrensing frå 30 minutter og oppover. Dette gjeld ikkje når det også for forflyttingshemma er fastsett lengste tillatne parkeringstid.
  • parkere på stader der det er innført bustadsoneparkering.

Parkeringskortet gjeld i heile Noreg. Det gjeld òg i heile Europa, men då etter reglane i dei enkelte landa. Løyvet blir vanlegvis gitt for 2–5 år.

Målgruppe

Førar eller passasjer av motorvogn som berre kan bevege seg ein avgrensa strekning. Også andre forhold kan gi rett til parkeringsløyve, f.eks. at du må opne bildør heilt opp og dermed treng større plass når du parkerer.

Vilkår

Behovet for parkeringslette må vere knytt til bustad, arbeid og/eller annan aktivitet.

Du må leggje fram legeattest for å komme inn under denne ordninga. Legen må gjere greie for forflyttingsevna di og om du brukar hjelpemiddel.

Lover

Tenesta er ikkje lovpålagd.

Forskrift om parkering for forflyttingshemma

Rettleiing

Kommunen kan hjelpe deg med å søkje om parkeringskort, eller du kan be andre hjelpe deg viss du har behov for det. Viss ein annan søkjer på vegner av deg, må vedkommande ha fullmakt.

I søknaden må du gjere greie for behovet for parkering i tilknyting til bustad, arbeid og andre aktivitetar. Gjer greie for kvar og kor ofte du må parkere. Legg ved:

  • legeerklæring der legen gjer greie for forflyttingsevna di og eventuelle hjelpemiddel du brukar, slik at kommunen kan vurdere behovet ditt
  • passfoto
  • kopi av gyldig førarkort (om du er bilførar over 75 år)

Sakshandsaming

Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogeleg. Dersom svar på søknaden ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når kommunen ventar å kunne svare deg.

Kommunen vil gjere ei totalvurdering av situasjonen din og behovet for parkeringslette. Det vil m.a. bli vurdert om behovet ditt kan løysast på ein annan måte enn gjennom tildeling av parkeringsløyve.

Klage

Er du misnøgd med avgjerda til kommunen, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda til kommunen. I klagen gjer du greie for du kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til den avdelinga som sende avgjerda. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen klagen din vidare til Vegdirektoratet, som er klageinstans for avslag på søknad om parkeringsløyve.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Kontakt oss