Overtaking av omsorg for barn
Beskrivelse
Grunnlaget for at det offentlege tek over omsorga for eit barn, er at foreldra av ein eller annan grunn ikkje kan gi god nok omsorg til barnet. Omsorgssvikten må dokumenterast slik at vilkåra i lova for omsorgsovertaking er oppfylte. Det må vere nødvendig å overta omsorga for barnet ut frå den situasjonen barnet er i. Eit vedtak om omsorgsovertaking kan derfor ikkje fattast dersom det kan skapast gode nok forhold for barnet ved hjelpetiltak.
Barneverntenesta skal kort tid etter ei omsorgsovertaking kontakte foreldra med tilbod om rettleiing og oppfølgjing. Barneverntenesta kan foreslå hjelpetiltak for å betre omsorgsevna til foreldra slik at ei framtidig tilbakeføring av barnet kan bli mogleg.
Foreldra kan krevje at vedtak om omsorgsovertaking blir lagt fram for tingretten til rettsleg prøving.
Målgruppe
Familiar der barnet/borna opplever eller kan kome til å oppleve skadeleg mangel på kontakt, stabilitet og framsynt planlegging.
Vilkår
Kriterium for omsorgsovertaking kan vere at :
- det er alvorlege manglar ved den daglege omsorga som barnet får, eller alvorlege manglar i den personlege kontakten og tryggleiken som det treng etter sin alder og utvikling.
- foreldra ikkje sørgjer for at eit sjukt, funksjonshemma eller spesielt hjelpetrengjande barn får dekka sitt særlege behov for behandling og opplæring.
- barnet blir mishandla eller utsett for andre alvorlege overgrep i heimen
- det er nokså sikkert at helsa eller utviklinga til barnet kan få alvorlege lyte fordi foreldra er ute av stand til å ta nok ansvar for barnet.
Sakshandsaming
Den kommunale barneverntenesta utarbeider forslag til vedtak, og Fylkesnemnda for sosiale saker, som er statleg, avgjer saka. Fylkesnemnda for sosiale saker er eit domstolliknande organ som normalt blir leia av ein jurist. Nemnda er elles samansett av to sakkunnige medlemer og to lekfolk.