Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Oskespreiing

Beskrivelse

Oppretta: 13.11.2010 – Sist oppdatert 27.04.2017

Oskespreiing er eit alternativ til gravlegging der oska etter kremasjon blir spreidd for vinden eller senka ned i vatn i ei urne av lett oppløyseleg materiale. Oskespreiing er tillate dersom du sjølv har fått innvilga søknad om dette. Det er òg tillate dersom du som den næraste etterlatne kan gå god for at avdøde ønskte det.

Har du valt oskespreiing, kan du ikkje setje opp eit gravminne eller få namn på eit minnesmerke ved ein gravlund.

Målgruppe

  • Personar over 15 år med ønske om oskespreiing etter eigen død.
  • Etterlatne som skal sørgje for gravferd.

Vilkår

Det er Fylkesmannen som gir løyve til oskespreiing. Fylkesmannen gjer greie for og stiller krav til kvar oska kan spreiast, for eksempel:

  • I fjordar og havområde som har direkte samband med open sjø.
  • I skog og på fjell.
  • I elvar, vassdrag og anna ferskvatn i aude område og utan nærleik til 
      drikkevasskjelde.
  • Ikkje i nærleiken av busetnad og liknande.

Oska skal kunne takast opp i krinslaupet i naturen og skal ikkje kunne finnast igjen.

Det er ikkje høve til å dele oska ved å spreie henne på ulike stader, eller ved at ein del blir gravlagd medan ein annan del blir spreidd for vinden.

Lover

Gravferdslova § 20 (Privat gravstad og spreiing av oske)

Rettleiing vedrørande saker om spreiing av oske (rundskriv)

Rettleiing

Du sender skriftleg søknad til Fylkesmannen i det fylket der oska skal spreiast. Gjer greie for staden for oskespreiinga.

Er du over 15 år, kan du sjølv søkje om at oska di skal spreiast etter at du er død.

Er du etterlaten og skal sørgje for gravferda, kan du søkje løyve til oskespreiing dersom avdøde sjølv ikkje har søkt før dødsfallet. Du må kunne gå god for at avdøde ønskte oskespreiing enten ved å leggje ved eigenerklæring frå den avdøde, eller ei erklæring der minst to personar går god for dette ønsket. Var avdøde under 15 år, er det ditt ønske som næraste etterlatne som gjeld.

Sakshandsaming

Fylkesmannen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka, og har plikt til å behandle søknaden så snart som mogeleg. Dersom svar ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving, med opplysningar om når kommunen ventar å kunne svare deg.

Klage

Du kan klage på vedtaket til Fylkesmannen. Fristen er tre veker frå du tok imot svarbrevet. I klagen gjer du greie for du kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Fylkesmannen kan gi rettleiing ved behov.

Klagen sender du til Fylkesmannen. Dersom Fylkesmannen held fast ved avgjerda, blir saka send vidare til Kulturdepartementet.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Kontakt oss