Hopp til innhold Hopp til søk

Opningstider rådhuset kl. 09 - 15 - telefon og epost til tilsette finn du her.

Fitjarvikjo med skyer over Fonno

Dagens bilde: Fitjarvikjo med skyer over Fonno

Foto: Svein Bårdsen

Send ditt blinkskot på: foto@fitjar.kommune.no

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for framandspråklege

Beskrivelse

Kommuna skal gi utlendingar opplæring i norsk (550 timar) og samfunnskunnskap (50 timar), til saman 600 timar. For personar som har kome inn i personkretsen før 1.1.2012, gjeld timetalet 250 timar norsk og 50 timar samfunnskunnskap.Opplæringa i samfunnskunnskap skal givast på eit språk som deltakaren forstår, medan norskundervisninga skal givast på norsk. Ordninga skal gi utlendingar høve til å delta i arbeidslivet. Gjennomført opplæring er ein føresetnad for å få rett til å busetje seg (varig opphald) og statsborgarskap.

Det skal utarbeidast ein individuell plan for den som skal delta. Plana skal ta utgangspunkt i  opplæringsbehovet til den einskilde. Det vil og vere mogleg for deltakarar som har rett til gratis opplæring å få ytterlegare opplæring i inntil 2 400 timar, dersom det er behov for det. Kommunen kan krevje at det blir gjennomført testar for å fastslå om det er behov for opplæring ut over 600 timar.

Målgruppe

Utlendingar mellom 16 og 55 år som har opphalds- eller arbeidsløyve som gir grunnlag for retten til å busetje seg. Dette omfattar: asylantar, overføringsflyktningar, arbeidsinnvandrarar og  familiemedlemane deira, personar med opphald på humanitært grunnlag, personar som er familiegjenforeina med desse, og personar som er familiegjenforeina med norsk eller nordisk borgar busett i Norge.

Vilkår

Opphalds- eller arbeidsløyve etter utlendingslova som dannar grunnlag for retten til å busetje seg.

Rettleiing

Ta kontakt med kommunen for å få meir informasjon.

Sakshandsaming

Førespurnader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Kommunen har plikt til å sørgje for opplæring i norsk og samfunnskunnskap så snart som råd er, og innan tre månader etter at krav om slik opplæring er sett fram.

Klage

Det kan klagast på vedtak om:

  • tildeling av opplæring
  • vesentlege endringar i den individuelle planen
  • at opplæringa er stansa
  • permisjon

Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.

I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.

Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.

Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.

Turistinformasjon

Kamera

Kamera Sentrum Kamera Sjøsio

Nyheter

Kontakt kommunen

Fitjar kommune har eit areal på 145 km2 og ca. 3000  innbyggjarar.

Ordførar
Wenche Tislevoll (H)

Rådmann
Atle Tornes

Kommunenr. 1222
Organisasjonsnummer 944073310
Postadresse
Postboks 83, 5418 Fitjar
Telefonnr 53 45 85 00
Telefax nr 53 45 85 01
Teknisk vakt 95229950
Epost
fitjar@fitjar.kommune.no
Internett
www.fitjar.kommune.no