Omsorgsløn
Beskrivelse
Omsorgsløn skal gi ein viss økonomisk kompensasjon til personar som har omsorgsarbeid og stimulere dei til vidare innsats.
Målgruppe
Omsorgsytarar, som oftast nære pårørande.
Vilkår
Omsorgsytaren må ha «et særlig tyngende omsorgsarbeid». Moment som kan takast med i vurderinga, er:
- om søkjaren arbeider mange timar per månad med omsorgsarbeid
- om omsorgsarbeidet er meir fysisk eller psykisk belastande enn vanleg
- om omsorgsarbeidet medfører mykje nattarbeid eller avbrot i nattesøvnen
- om fordelinga over tid; om det skjer i periodar eller heile tida
- om arbeidet fører til sosial isolasjon og mangel på ferie og fritid
- om det er snakk om omsorg for meir enn éin person
Lover
Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m § 3-6
Veileder i saksbehandling og dokumentasjon for pleie- og omsorgstjenester
Rettleiing
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om omsorgsløn. Både omsorgsytaren og den hjelpetrengjande sjølv kan søkje om omsorgsløn.
Sakshandsaming
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart råd er. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin måned, skal du ha skriftleg svar om årsaka til dette, med opplysningar om når du kan rekne med at vedtaket vil bli fatta.
Det vil bli fatt eit vedtak. Av vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.
Klage
- Både omsorgsytaren og den hjelpetrengjande kan anke avgjerda.
- Klage på vedtaket skal sendast innan ein frist på tre veker frå vedtaket vart motteke.
- Klaga skal sendast til den instansen som har fatta vedtaket.
- I klaga skal det opplysast om kva ein ønskjer endra i vedtaket og grunngjeving for dette. Kommunen vil hjelpe til med å skrive klaga.
- Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir send dit, skal den instansen i kommunen som fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket står ved lag, vil saka bli send til Fylkesmannen for klagebehandling.
- Det skal sendast tilbakemelding om utfallet av klagebehandlinga, enten frå Fylkesmannen eller frå kommunen.