Omsorgsbustad
Beskrivelse
Ein omsorgsbustad med husbankfinansiering er tilpassa rørslehemma og tilrettelagd for at den som bur der skal kunne motta heildøgnsomsorg. Bustaden er ibuaren sin eigen heim, og heimetenester blir tatt imot på same vilkår som for andre heimebuande.
Målgruppe
Pleietrengjande eldre og funksjonshemma.
Vilkår
- Søkjaren må bu eller opphalde seg i kommunen.
- Søkjaren må ha behov for heimesjukepleie/heimehjelp.
- Søkjaren må ha eit særleg stort hjelpebehov og/eller ha særleg nytte av nærleiken til institusjonen, nå eller i nær framtid.
- Søkjaren bør kunne bruke tryggleiksalarm.
- Søkjaren må sjølv ønskje omsorgsbustad.
- Det må vere ledig omsorgsbustad i kommunen.
Rettleiing
Kommunen kan kontaktast for å få hjelp til søknaden.
Dersom ein annan søkjer på vegne av deg, må vedkomande ha fullmakt.
Søknadsfrist
Søknadene blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Sakshandsaming
- Tenestekontoret greier ut saka – herunder behovet for tenester og eventuelle hjelpemiddel, - og i den samanhengen kva som må ligge føre / vere montert før flytting kan gjennomførast.
- Tenestekontoret sørgjer for at det ligg føre ein legeattest.
- Gjeld bustadsøknaden langt fram i tid, blir søkjaren sett på ei liste over tidspunkt for ønskje om bustad og type bustad, og Tenestekontoret har ansvar for å leggje saka fram når den er aktuell.
- Tenestekontoret varslar søkjaren om dette.
- Tenestekontoret prioriterer søknadene.
- Søknadene om bustad blir vurderte i tildelingsmøtet, der det er med representantar for Psykiatritenesta, Sosialtenesta, Eigedomsavdelinga og Tenestekontoret.
- Bustaden blir tildelt, avslått eller søkjaren blir sett på venteliste.
- Eigedomsavdelinga sender tilbod om bustad og husleigekontrakt. I brevet til bustadsøkjaren skal det framgå om søknaden er innvilga, avslått eller om søkjaren er sett på venteliste.
- Ved avslag og venteliste skal grunngjevinga for dette framgå av brevet.
- Tenestekontoret har oversyn over aktuelle på ventelister og får melding om ledige husvære etter kvart.
- Brukaren/pårørande tek seg av innflyttinga.
- Distriktet for bistand, rehabilitering og omsorg (BRO-distriktet) blir orienterte om kven som flytter, når og til kva for husvære og kva for hjelpemiddel/tenester som må vere på plass før innflyttinga kan gjennomførast.
- BRO-distriktet hjelper brukaren / pårørande ved behov.
Klage
- Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
- I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
- Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.