Økonomisk sosialhjelp
Beskrivelse
Økonomisk sosialhjelp skal sikre deg hjelp til livsopphald. Med dette meiner ein pengar som går med til å oppretthalde ein rimeleg livsstandard, slik som til mat, husleige, straum og eventuelt nødvendige klede.
Målgruppe
Dei som ikkje kan sørgje for sitt livsopphald gjennom arbeid eller andre inntektskjelder.
Vilkår
Dersom du ikkje kan forsørgje deg sjølv og har prøvd alle andre utvegar, har du krav på økonomisk stønad til livsopphald. Det kan stillast vilkår for hjelpa. Du kan bli bedd om å dokumentere kva for andre utvegar du har prøvd;
- om du har søkt om bustønad
- om du har nytta deg av dine rettar til eventuelle trygdeordningar
- om du har kontakt med Arbeids- og velferdsetaten og tar imot tilbod om arbeid eller kurs
Lover
Lov om sosiale tjenester, kap. 4
Statlige veiledende retningsl. for utmåling av stønad til livsopphold
Rettleiing
Du kan kontakte NAV for å få hjelp til å søkje om økonomisk sosialhjelp.
Sakshandsaming
Søknader blir behandla så raskt råd er. Behandlinga kan likevel bli forseinka dersom du ikkje kan dokumentere den situasjonen du omtalar i søknaden. Då må saksbehandlaren eventuelt kontakte deg for å be om fleire opplysningar/meir dokumentasjon.
Kommunen har plikt til å behandle saka så raskt råd er. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til dette, med opplysningar om når det kan ventast at vedtaket vil bli fatta.
Det vil bli fatta eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.
Klage
- Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
- I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
- Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.