Økonomisk rådgiving
Beskrivelse
Kommunen gir økonomisk rådgiving til dei som har betalingsproblem eller gjeldsproblem. Rådgivinga kan vere hjelp til å setje opp eit realistisk budsjett, men kan også omfatte forhandlingar med kreditorar og hjelp til å inngå ein gjeldsordningsavtale.
Målgruppe
Personar med økonomiske problem/gjeldsproblem.
Vilkår
Du skal etter beste evne sjølv prøve å kome fram til ei ordning med dine fordringshavarar.
Lover
Lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen § 17
Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. § 1-1
Gjeldsordningsloven - veiledende livsoppholdssatser (Rundskriv Q 08/2010)
Rettleiing
Dersom du treng hjelp til å styre din eigen økonomi, eller dersom du er i gjeldsproblem, kan du kontakte sosialkontoret eller bustadkontoret i kommunen.
Til første møte bør du ha med deg dette:
- Kopi av dei tre siste løns-/trygde-/stønadsutbetalingane (sjekk om det er gjort trekk for dekning av gjeld på desse utbetalingane).
- Kopi av kvitteringar for utgiftspostar som blir vurderte som store, eller andre kvitteringar som det er grunn til å sjekke.
- Kopi av likningsattest.
- Kopi av skatteoppgjeret og utskrift av likninga for siste skatteåret.
- Årsoppgåver (i samband med sjølvmeldinga) frå långivarane.
- Årsoppgåver i samband med bidragsgjeld.
- Ev. utleggskrav.
- Ev. innkalling til forliksrådet.
- Oversyn over pant som hefter ved eigen bustad.
- Oversyn over pant som hefter ved eigen bil
Sakshandsaming
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart råd er.
Klage
- Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
- I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
- Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.